Ny sidelastar
Ein av våre renovasjonsbilar med flott naturmotiv (foto: Håvard Myklebust)

Få ditt bilete på renovasjonsbilen

Vi får snart eit nytt tilskot til bilparken på VØR og vil feire dette ved å la innbyggjarane få dekorere sida på den nye renovasjonsbilen med sitt finaste naturbilete frå Volda eller Ørsta kommuner. Kanskje sitt du på eit flott bilete av heimbygda som du vil vise fram?

Før ein deltek i konkurransen er det viktig at alle deltakarar les reglane for deltaking.

Reglar og retningslinjer for fotokonkurransen:

  • Kun privat personar kan delta i konkurransen.

Kvalitet

  • Biletet må ha god nok oppløysing, slik at kvalitet ikkje går tapt når biletet blir trykt opp i større format.
  • Biletet må ha breddeformat (liggande bilete) for å bli vurdert, og kan bli beskjært i samband med ei eventuell offentliggjering.
  • Det må vere eit original bilete (bileter redigert i Instagram og Snapchat vil ha for dårleg kvalitet).
  • Bileta blir vurdert etter skjønn av ein jury i VØR, samansett av styre og administrasjon.
  • VØR nyttar seg av retten til å kunne velje andre bileter enn dei innsendte i konkurransen, om bidraga ikkje oppfyller krav til kvalitet og motiv.
  • Biletet kan vere frå alle årstider.

Rettigheiter til biletet

  • Deltakarar kan kun delta i konkurransen med bileter dei har tatt sjølve. Det er deltakar sitt ansvar å syte for å ha opphavs- og/eller fotorett til biletet som blir sendt inn.
  • VØR nyttar seg av retten til å kunne offentliggjere innsendt vinnarbilete vederlagsfritt. Biletet vil då bli kreditert med fotografen sitt namn på Facebook og nettside, men ikkje på renovasjonsbilen.

Personvern og etiske retningslinjer

  • Biletet må vere av natur og landskap i Volda og Ørsta kommunar og ikkje innehalde personar.
  • Biletet som inneheld upassande, rettsstridige eller krenkande materiale blir forkasta.
 
Bidrag til konkurransen sendast på mail til firmapost@vor.no, merka med kvar bilete er frå og namn på fotograf.

Frist for å sende inn til konkurransen er tysdag 28.04.2020, kl. 10.00. Vinnarbilete blir publisert på nettside og Facebook.

Vi gleder oss til å sjå ditt bilete!