Avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på miljø, menneske og dyr, blir definerte som farlig avfall. Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.

Raud boks
I den raude boksen kan du oppbevare farleg avfall og småelektriske artiklar. Denne får du tømt gratis på miljøstasjonen eller ved farleg avfall aksjon på bygdene (2 gongar i året).

JA 

NEI 

Lyspærer/sparepærer Restavfall
Olje- og oljeprodukt Medisinar (til apoteket)
Røykvarslarar Dynamitt, patroner og fyrverkeri (tilbake til forhandlar)
Maling, lim og lakk Spikar og skruar (metall på miljøstasjonen)
Mobiltelefonar Sprøytespissar (pakk godt inn og kast i restavfall)
Hårfønarar Tekstilar (UFF,Fileks og Fretex)
Spraybokser Syltetøyglass (emballasje av glas)
Batteri Majonestubar (emballasje av metall)
Kvikksølvtermometer Keramikk (ikkje- brennbart restavfall)
Reingjeringsmiddel Videokasettar (restavfall)
Toner og blekkpatronar Malefiller og tørka malekostar (restavfall)

Større farleg avfall som skal leverast inn til mottak / miljøstasjon er til dømes:

  • Måling, lim og lakk
  • Olje, oljefilter, oljefiller og andre oljehaldige produkt
  • Løysemiddel som white sprite, tynnar, neglelakkfjernar
  • Reingjeringsmiddel som t.d. salmiakk
  • Bilbatteri og andre oppladbare batteri som t.d. knappecellebatteri
  • Trykkimpregnert trevirke (frå feks. terassar)
  • Kreosotimpregnert trevirke (telefonstolpar og jerbanesvillar)
  • Eternitt (asbesthaldig materiale rundt t.d. oljefyrar og frå tak). Må pakkast i 2 lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast) og teipast godt. Les meir om levering av asbest.
  • Isolerglas som innheld farleg avfall
    • Norske isolerglas frå 1965-1975 inneheld PCB
    • Utenlandske glas produserte til og med 1979
    • Isolerglas produserte seinare enn 1975 kan innehalde klorparafinar
    • Merk at glas som er merka med “Thermopane” ikkje inneheld PCB.
  • Golvbelegg (med ftalat). I vinylbelegg produsert før år 2000.

I tillegg inneheld elektriske- og elektroniske produkt (EE-avfall) farleg avfall. Stoffa er tunge å bryte ned, dei vert lagra lenge i menneske og dyr og kan vere kreftframkallande. Mykje EE-avfall hamnar desverre i restavfallet heime i staden for å bli levert til forsvarleg mottak.

1000 kg farleg avfall pr år

Private hushaldning kan levere inntil 1 000 kg farleg avfall pr år og inntil 500 kg PCB-haldige isolerglas pr år kostnadsfritt.

Eksempel på elektroavfall:

  • Kjøleskap og komfyrar
  • TV og radio
  • Datamaskinar, dataspel, mobiltelefonar
  • MP3-spelarar, elektriske tannbørstar, klokker
  • Elektriske leiker og blinkesko
  • Lysrør og sparepærer
Farleg avfall symbol
Typisk farleg avfall symbol. Sjå etter desse merka på produktet







Er du i tvil om avfallet ditt er er farleg?

Slik kastar du farleg avfall

All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Pass på at flytande farleg avfall er godt emballert. Du kan levere inn farleg avfall på tre måter:

  1. På miljøstasjonen
  2. På innsamling som vi har rundt om i kommunane
  3. Hos forhandlar

Hos forhandlar

EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.