Som eit ledd for å unngå at farleg avfall hamnar i konteinarane på bygdene, har VØR i år hatt eit mål og fokus på å få inn farleg avfall på bygdene før bygderydding. Dei næraste bygdane til miljøstasjonen må levere farleg avfall til miljøstasjonen. På grunn av Covid-19 restriksjonar,har vi vore nøydde til å avvente aksjonar i Ørsta kommune. Etter siste utvikling i forhold til letting av korona restriksjonar, startar vi no opp att med aksjonar, men minner om viktigheita av å halde fram med gode smittevern rutiner og halde avstand til kvarandre ved oppmøte. 

 Til vanleg vil abonnentar som bur i bygdene med farleg avfall aksjon få ei SMS-varsling omtrent ei veke før vi kjem til aktuell bygd, med møtetidspunkt og plassering. På møtestaden kan ein få tømt raud boks og levere anna farleg avfall og småelektrisk avfall. Vi minner om at ein kan møte til andre bygder sine tidspunkt, dersom sitt eiga tidspunkt ikkje høver. Ein kan også levere raud boks og farleg avfall gratis på miljøstasjonen året rundt! Sjå oversikt over bygder og tidspunkt nedst i artikkelen.

Ved farleg avfall aksjon og på miljøstasjonen kan du gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer (dette kan du også levere på butikkar som sel slikt).
  • Sprayboksar (tomme og med innhald) og målingsspann med restar.
  • Bilbatteri og mindre batteri (gjerne samle mindre batteri i eit glas/mindre boks).
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt, løysingsmiddel (må vere emballert).
  • Olje og drivstoff (må vere emballert!).
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileiker, lampar, mobiltelefon, ladarar,data etc.

Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda.

Fredag 23.04.21

Stad Dato Klokkeslett

Øye (ved brannstasjonen)

22.04.21

11.00-11.30

Urke (ved butikken)

22.04.21

12.00-12.30

Rekkedal (ved skulen)

22.04.21

13.45-14.15

Måndag 26.04.21    

Stad

Dato

Klokkeslett

Standal (ved ferjekaia)

26.04.21

15.00-15.30

Trandal (ved ferjekaia)

26.04.21

16.00-16.30

Sæbø  (ved brannstasjonen)

26.04.21

17.00-17.45

Onsdag 28.04.21

Stad Dato Tidspunkt

Follestaddalen (ved samfunnshuset)

28.04.21

12.00-12.30

Åmdalen (ved Tussa)

28.04.21

13.00-13.30

Barstadvika (ved butikken)

28.04.21

16.00-16.30

 

 

 

 

 

 

Torsdag 29.04.21

Stad Dato Tidspunkt

Nordre-Vartdal (ved gamle fabrikken)

29.04.21

15.30-16.00

Søre-Vartdal (ved mc-deler)

29.04.21

16.30-17.15