Slik kan vi redusere smitterisikoen.

Styresmaktene oppmodar folk til å ikkje nytte seg av miljøstasjonar meir enn absolutt nødvendig. Om ein likevel må ta turen, er det viktig at ein tek omsyn til smitterisiko.

Vi ber derfor om at alle tenker seg om før ein startar på aktivitetar som genererer mykje avfall, som for eksempel opprydding i hus, hagar og oppussingsprosjekt. Til større trafikk på miljøstasjonen, til større vil smitterisikoen vere for besøkande og tilsette.

Når fleire er heime på dagtid, blir det også meir avfall enn normalt. Dette kan opplevast som utfordrande for mange. Eit råd vil derfor vere å prioritere avfall som luktar (bleier, emballasje med matrestar, og matavfall) i avfallsdunkane. Anna avfall kan fint lagrast i ei bod, garasje eller kjellar til situasjonen normaliserer seg,  slik at ein ikkje utsett seg for unødvendig smitterisiko ved å besøke miljøstasjonen.

Vårt mål er å unngå å måtte stenge miljøstasjonen, og sørge for at innsamlinga av avfall skal går som normalt.


På miljøstasjonen

  • For å ivareta omsynet til 2 meters avstand mellom besøkande, vil det bli regulering av trafikk på miljøstasjonen. Dette gjeld også dei som har med seg hageavfall. Dette betyr at ein må rekna med kø og ventetid i bilen. Born blir bedt om å halde seg i bilen.
  • Planlegg turen til miljøstasjonen og sorter avfallet ditt på førehand, slik at avlasting går så raskt som råd.
  • Generell god handhygiene er viktig både før og etter du besøker miljøstasjonen. Vi gjer vårt beste for å desinfisere stasjonen fleire gongar for dag. Handsprit står tilgjengelig for besøkande både på stasjon og i vektbod.
  • Betal med kort. Vi ønskjer ikkje kontantar no.

 

Heime

  • Hugs å knyt godt att sekkar med plastemballasje og posar med matavfall og rest før du plasserer dei i dunken.
  • Vask deg på henda før du trillar dunken fram og tilbake (gjerne vask dunken etter tømming)
  • Alt avfall skal i vere i dunken med loket skikkelig på (då reduserer du smittefaren for våre tilsette og du unngår forureining ved at fuglar og dyr dreg avfallet utover).
 
Takk for at du tek del i dugnaden!