VØR vil frå 01.09.22 hente inn plastemballasjen heime hjå abonnentane i kommunane Ørsta og Volda med eigen renovasjonsbil.

Tidlegare har plastemballasjen vore samla inn saman med papir og papp, og sortert manuelt ut av VØR før vidaresending. Endringa i innsamlinga skjer på grunn av stor auke i mengda med plastemballasje heime hjå våre abonnentar og strengare krav til at papiret som VØR sender frå seg ikkje kan innehalde avfall eller plast. Framtidige prognosar frå emballasjeindustrien visar også at mengda med produsert og innsamla plast berre vil auke.

VØR har dei siste åra utført brukarundersøkingar blant abonnentane i kommunane Ørsta og Volda. Undersøkinga som vart gjort våren 2021 viste at heile 8 av 10 var interessert i ei separat innsamlingsordning for plastemballasje. Dette ønsket kjem vi no i møte.

For abonnentane våre blir det no ei praktisk endring ved handtering av plastsekken. Tømedag blir fortsett som før, same dag som papirdunken, men sekken skal frå 01.09.22 hengast på krok på utsida av dunken og ikkje ned i dunken.

Vi startar denne veka med å levere ut og feste på krokar på dei dunkane som har tømming av papir og plastemballasje først etter 01.09.22. Ved levering av plastemballasje før 01.09 skal plastsekkane leggast opp i dunken som før på tømedag.