35% materialgjenvinningsgrad av BA-avfall

Statistisk Sentralbyrå har oppgitt at i dag blir 35% av avfallet som stammar frå BA- bransjen materialgjenvunne. 30% blir energigjenvunne og resten deponert. Nybygg står for 34% av avfallet, rehabilitering 25 % og riving 40%. Dei største mengdene med avfall består av tegl og betong, trevirke og blanda restavfall. Her ligg også det største potensialet for auka materialgjenvinning. Samtidig vil det framover komme krav om auka ombruk og fokus på avfallsreduksjon på BA-plassen. 

Ombruk av betong- problematisk

Kvart år blir omtrent 800 000 tonn betong produsert, av  dette blir kunn 40 000 tonn materialgjenvunne eller ombrukt. 791 000 tonn blir deponert. Fleire i BA-bransjen har peika på dagens regelverk som lite tilpassa brukte byggevarer og med strenge krav til ombruk av material. Lettare forureina betong må leggast på deponi fordi ein er usikker på konsekvensane av å bruke den til andre nyttige formål. 

Krom 6- ny grenseverdi

I dag inneheld mykje av behandla betong seksverdig krom (krom6) som per i dag blir klassifisert som farleg avfall om betongen inneheld over 2 mg krom6 per kilo. Grenseverdien har vore gjenstand for fleire diskusjonar, der det har vore påpeika at denne verdien er alt for låg, og dermed fører til unødvendig høge deponi tal av betong. På byggavfallskonferansen 2020 i regi av NOMIKO, vart det ytra frå Miljødirektoratet at grenseverdien kjem til å bli heva til 8mg krom6 per kilo betong. Dette vil bli nedfelt i ny forskrift.  Målet med ny forskrift er å gjenvinne og ombruke meir betong og tegl frå riveprosjekt. 

Samtidig skjer det forsking på korleis redusere utlekking av krom6 til ytre miljø. Hittil viser labratoriestudiar at betong med innhald av krom6, blanda saman med organisk materiale (jord), ser ut til å redusere utlekking av krom6 gjennom absorpsjon.

Nye nedstrømsløysingar!

På byggavfallskonferansen presenterte fleire aktørar nye løysingar som tek sikte på å behandle avfall som i dag anten går til deponi eller energigjenvinning:

Gips

I dag blir det produsert 100 000 tonn gipsavfall i Noreg. I dag går mesteparten av gipsavfallet til deponi, med negative konsekvensar som forureining til luft, grunnvatn og låg ressursutnytting. Norsk Gjenvinning har i samarbeid med teknologipartnaren New West Gypsum Recycling etablert ein ny gipsfabrikk i Holmestrand. Norsk Gjenvinning har som sitt mål å kunne behandle 50% av gipsavfallet satt på det norske markedet i 2020. Målet er at resirkulert gips kan i større grad erstatte jomfruelige råvarer.

Glas (isolerglasruter)

Isolerglasruter er per i dag vanskeleg å materialgjenvinne. Fleire av desse inneheld farleg avfall i lim og fugemasse. I tillegg manglar eldre vindauge eigenskapar som er ønskja og krav om i nye vindauge. På konferansen kom det fram at mykje meir av vindauga levert til det norske markedet har potensial til å gå inn i produksjon av Glava isolasjon.

Isolasjon (Rockwool)

Rockwool som produserer isolasjon av steinull, kunne fortelje at dei bygger fabrikk i Norge som vil kunne resirkulere 11 000 tonn steinull isolasjon. Dei vil då som eit ledd, etablere ei returordning for Rockwool isolasjon i samarbeid med Ragn- Sells. Det er då strenge krav til kvaliteten på isolasjonen som må vere tørr og rein for å kunne bli resirkulert. 

Trevirke

Geminor har etablert ei nedstrømsløysing for trevirke til sponplate produksjon. Det er dog strenge krav til kvalitet på trevirket mottaket vil ta imot.  Trevirke må vere heilt reint, fukt må vere mindre enn 30% og kan ikkje innehalde meir enn 5% MDF (medium density fiberboard) og skal ikkje ha innslag av gips. Møblar av tre er godkjent, så lenge dei ikkje inneheld andre material som glas og metall.  Produksjonen skiltar med 95% materialgjenvinningsgrad, og IKEA er ein av kundane til dei resirkulerte råvarane.