Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) og Retura Søre Sunnmøre (RSS) samarbeider med grendalaga med ryddigare bygder som mål. Vi plasserer ut ein container for skrapjern/metall og ein for elektrisk avfall/kvitevarer i kvar bygd. Desse står tilgjengeleg ei veke og blir bytta etterkvart som dei blir fulle

Reine og ryddige bygder er trivelege både for fastbuande og tilreisande. I dag ligg det for mykje rot og skrot rundt om i natur- og kulturlandskapet. Feil handtering og brenning av avfall er kjelde til fleire miljøproblem, og kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Det er difor veldig viktig at avfallet vert sortert og handtert rett. Eitt av måla med denne aksjonen er at ein ved hjelp av god informasjon og merking skal sikre at ting hamnar på rett plass.

Avfall i kulturlandskapet

• Skjemmande for nærmiljøet
• Risikabelt for folk og dyr
• Dårleg reklame når det gjeld å lokke nye innbyggarar og turistar til bygda.

Ei av årsakene til at ting vert liggande, er at det er tungvint og kostbart å frakte vekk skrotet. Med dette samarbeidet ynskjer vi å gjere oppryddinga enklare og rimelegare. Dette er i utgangspunktet eit tilbod til dei som bur på bygdene og har lang veg til miljøstasjonen.

Feilsortering

Vi har stort fokus på å unngå feilsortering. Det er kun metall og elektrisk avfall som skal i containerane, ikkje farleg avfall eller restavfall. Vi minner om godt lagspel i alle bygder, slik at vi kan halde fram med denne ordninga. 

NB! Vis omsyn til sambygdingar og våre tilsette ved å plassere avfallet forsiktig og ryddig i containeren, slik at desse ikkje knuser og tek opp unødig plass.

Elektrisk avfall

JA

NEI

Varmepumpe

Vaffeljern

Bilbatteri

Litium batteri

Elektrisk motor

Støvsugar

Spraybokser

Maling

Datamaskin

Kvitevarer

Lysrør/lyspærer

Brannsløkkings-
apparat

Metall

JA

NEI

Steikepanne

Sykkel

Bilbatteri

Spillolje

Nettinggjerde

Vedomn

Lysrør/lyspærer

Asbest

Plenklippar
Hugs å tappe av 
olje og drivstoff

Badekar

Maling

Brannsløkkings-
apparat

Levering av anna type avfall

For levering av anna type avfall enn metall og elektrisk avfall må ein levere dette på miljøtasjonen i Hovdebygda eller på miljøstasjonen på Grodås.

Har du lyst til å få avfallet henta heime hjå deg?
Leig ein container med Retura Søre Sunnmøre. Bestill container på telefon 70048610.