«Nei, seier du det?? Kor kjekt!» jubla Ann- Helen Bjørkedal når ho fekk telefon frå VØR om at ho hadde vunne 10 000 kr i Returkartonglotteriet.

Den heldige vinnaren har skylt og stappa kartongar i snart 20 år og endelig var det hennar tur å vinne i lotteriet.

Onsdag 20.05 besøkte vi vinnaren på arbeidsplassen på Felleskjøpet i Eid der, ho fekk utdelt diplom frå Grønt Punkt Norge, som stadfestar pengane som snart kjem på konto.

Bjørkedal kunne fortelje at dottera hennar har alltid stilt seg tvilande til at den innsatsen mora legg i å brette og stappe kartongar, vil gi utteljing. Mora ringte dottera etter telefonsamtalen med VØR for å dele nyhenda om lotteriet:

«Faktisk var ho sikker på at VØR ringte for å fortelje mora at Returkartonglotteriet ikkje fanst lengre og at dei ikkje lengre ville ta imot alle kartongane frå meg» seier ho lattermildt.

Heldigvis lev Returkartonglotteriet framleis i beste velgåande!

Bjørkedal starta med å merke kartongane med namna på barnehagen og barneskulen der borna gjekk. Etter at desse vart vaksne har ho merka drikkekartongane med eige namn. Det kan ho vere glad for i dag. 


Vi gratulerer vinnaren!

 

Ønskjer du å delta i Returkartonglotteriet?

  • Du kan bruke alle typar drikkekartongar og kvar kartong fungerer som eit lodd.
  • Skyl og brett ein og ein kartong for å vere med i trekninga om 10 000 kr.
  • Om du skyl, brettar og stapper 6 kartongar i den 7ande, er du i tillegg med i trekninga om 100 000 kr.
  • Legg kartongane laust i papirdunken og hugs å skriv på namn og nummer!
  • Trekkinga skjer på miljøstasjonen i Hovdebygda. Under sortering av papir og papp blir alle kartongar med namn og nummer på sortert ut og samla opp over tid. Deretter blir det trekt eit vilkårleg "lodd" som går vidare til det nasjonale Returkartonglotteriet.