Alle naudetatane rykte raskt ut, og situasjonen kom heldigvis raskt under kontroll.
Brannen starta i restavfallet, og undersøkingar i etterkant tyder på at årsaka truleg var eit litiumbatteri. Overvakingsbilete viser at brannen utvikla seg raskt. I samband med at restavfallet vart skubba saman av ein hjullastar etter tømming, oppstod det varmgong i avfallet. Truleg var dette nok til å utløysa brannen, der energien i eit litiumbatteri kan ha vore den utløysande faktoren.
Litiumbatteri kan vere svært brannfarlege dersom dei blir utsette for skade, trykk eller varme. Brannar som oppstår i slike batteri kan utvikle seg raskt og vere krevjande å sløkkje.
Hendinga viser kor viktig det er med gode rutinar og førebyggjande tiltak. Takka vere dyktige tilsette, eit anlegg med moderne sløkkesystem og rask innsats frå brannvesenet, vart situasjonen handtert på ein trygg og effektiv måte.
Brannen er samstundes ei tydeleg påminning om at batteri ikkje skal kastast i restavfallet. Når batteri hamnar feil, kan dei utgjere ein alvorleg brannrisiko både under transport og ved avfallsanlegg.
VØR oppmodar alle til å levere batteri som farleg avfall. Batteri kan leverast gratis på miljøstasjonar eller i butikkar som sel batteri.
Rett handtering av batteri er avgjerande for å førebyggje brann. Ved å sortere batteri korrekt, bidreg vi alle til ein tryggare kvardag og reduserer risikoen for alvorlege hendingar.
