For mange har det blitt ein tradisjon å delta på Strandryddeveka, og det er no klart for årets ryddeveke. Strandryddeveka går frå 8. - 17. september, og vi i VØR er klar for å ta i mot avfallet som blir rydda i kommunane våre Ørsta og Volda.

Strandryddeveka er ikkje eitt arrangement, men ei samling av mange arrangement over heile landet. Under strandryddeveka oppfordrar vi alle til å rydde i sitt nærområde. Ein kan rydde langs elver, innsjøar, stiar, strender og i sentrumsområda. 

For å bli med på ryddedugnaden må du:

  • Finne ein stad du vil rydde. Dersom du ikkje veit kvar du vil rydde kan du søke etter planlagde aksjonar som er opne for påmelding i Rydde (ryddenorge.no)
  • Registrer ein ryddeaksjon på ryddenorge.no.
  • Ta med familie, vennar, naboar eller andre som du vil rydde saman med om du vil. Men det går heilt fint også å ha ei ryddeaksjon aleine.
  • Om du treng ryddeustyr som hanskar eller sekkar, hent dette hjå oss i VØR.
  • Ha ein plan for handtering av avfallet. Snakk med oss i VØR om kvar og korleis du skal handtere avfallet. Vi kan koordinere henting av dette saman med Styrk Arbeid i Volda og Småjobbsentralen i Ørsta.

VØR tar i mot avfall frå Strandryddeveka gratis, med dette må vere avtalt på førehand. Ta kontakt med oss på firmapost@vor.no om du har spørsmål rundt Strandryddeveka.