Slik oppbevarer du batteri heime

Ha ein fast stad for å samle brukte batteri. Det kan være eit tomt syltetøyglas eller ein liten boks. Ha ein rull med teip i glaset eller boksen, da blir det lett å teipe polane fortløpande. Er boksen liten blir det lettare å ta den med og levere inn regelmessig. Da unngår du også store mengder batteri heime.

Slik leverer du batteria

I Noreg har vi eit superenkelt system; der du kjøper batteri, kan du også levere brukte batteri. Det er rett og slett ein lovpålagt plikt alle som sel batteri har! Og ja, det er gratis å levere. Ta med batteria når du skal på butikken eller gjenvinningsstasjonen. Eit lurt tips er å levere dei samtidig som du pantar. 

Kvifor teipe polane?

Sjølv om batteriet verker tomt for futt, er det alltid litt energi igjen. Når mange batteri vert oppbevart saman, kan polane komme i kontakt med kvarandre. I verste fall kan det føre til kortslutning og brann. Teipar du ein liten bit over polane, unngår du at de kjem i direkte kontakt med kvarandre og at batteria kortsluttar. 

Kvifor har batteri skulda for mange brannar?

Dei fleste av oss er flinke til å sortere batteri. Heile 80% av oss seier vi gjer det! Det er veldig bra, samtidig er det fortsett fleire millionar batteri som vert kasta feil. Anten det er batteriet frå fjernkontrollen som vert kasta i restavfallet, eller det spelande bursdagskortet som vert kasta i papiret, utan å ta ut batteriet som har feira med song.

Sjølv om batteriet ikkje lenger gjev liv til leikebilen eller lys i hovudlykta, er det alltid litt restenergi igjen. Har du sett Lars Monsen tenne bål med tennstål? Det er akkurat på same måte. Om polane på batteriet kjem i kontakt med for eksempel noko metallisk, kan det oppstå gnistar. Dette kan lede til brann heime hos deg, i renovasjonsbilen, eller når avfallsposen vert opna og sendt av garde på banda på mottaksanlegget. 

Gamle batteri vert til nye batteri

Batteria blir henta og frakta med tog eller lastebil til eit sorteringsanlegg. På sorteringsanlegga blir dei kvalitetssikra og sortert etter korleis batteria er bygd opp. Når batteria er sortert, blir dei sendt med båt eller lastebil til godkjente anlegg for gjenvinning av batteri i Europa. Råstoff som vert henta ut frå batteri er blant anna plast, bly, reinsa og behandla syre, sink, kadmium, nikkel og kobolt. Nokon av råstoffa er sjeldne og finnast berre i svært avgrensa mengder. Mange av desse går inn i produksjon av nye batteri, mens dei resterande råstoffa kan bli til for eksempel hagemøblar, pigment i maling eller metallegeringar.