Notis satt inn i Fjordingen i 1977
Notis satt inn i Fjordingen i 1977 (Foto frå Fjordingen, 2017)

Avfallsbehandling før

Mykje har skjedd med korleis vi oppfattar og handsamar avfall. Tidlegare handla avfallshandtering stort sett om å samle inn og leggje avfallet på deponi. Avfallet vart rekna som ubrukeleg, kanskje noko ein aller helst skulle få ut av syne. Her i traktene vart det kasta på sjøen og dumpa i eigne deponiar på eigedommen. 

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) vart etablert som eit interkommunalt selskap etter valet i 1983. Den første tida vart innsamla avfall transportert til Ålesund for forbrenning. Etterkvart såg miljøstasjonen på Hovdebygda dagens lys. I takt med ein stadig vekst i avfallsmengda blant hushaldningar og bedrifter, har VØR vore gjennom ei rekke utbyggingar og moderniseringsprossessar.

Avfallspyramiden viser prioriteringar i norsk avfallspolitikk
Avfallspyramiden viser prioriteringar i norsk avfallspolitikk

Avfallsbehandling no

Synet på avfall har heldigivs endra seg! I dag er avfall ei råvare, og som råvarer flest handlar det om å utnytte ressursane best mogleg. Både internasjonal- og norsk avfallspolitikk er basert på avfallspyramida. Denne viser kva prioriteringar som burde leggast til grunn for avfallsbehandlinga i eit land, der avfallsreduksjon, ombruk og materialgjenvinning har høgast prioritet, medan forbrenning og deponi skal vere siste alternativ når du ikkje kan nytte avfallet til noko anna. 

Hos VØR er målet å la mest mogleg gå til materialgjennvinning. Då får avfallet nytt liv i form av nye varer og produkt. Avfallet som ikkje er eigna til gjenvinning, vert sendt til forbrenningsanlegg og brukt til energigjenvinning. Her vert avfallet omgjort til fjernboren varme eller brukt til produksjon av elektrisitet. Farleg avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff blir destruert i spesialanlegg og deponert.

stock1

Krav og mål til VØR

VØR arbeidar etter gjeldande renovasjonsforskrifter som er styringsgrunnlaget til eigarkommunane våre. Forskriftene blir vedtekne av kommunestyra og beskriv korleis renovasjonstenestene og gebyr skal vere lagt opp i dei respektive kommunane. Samtidig må VØR forholde seg til nasjonale lovverk og krav til avfallsbehandling, samt offentlege anbodsprosessar.

Den Europeiske Unionen (EU) og eit samla Storting har begge vedteke eit nasjonalt mål om at 50 % av avfallet som kjem frå hushald skal materialgjenvinnast innan 2020. Dette kravet aukar til 60% i 2030 og 65% innan 2035. I 2018 var den nasjonale materialgjenvinningsgrada målt til 38%. Kommunane rundt om i Norge har med andre ord hatt ein stor jobb framføre seg for å nå det første målet innan 2020. 

 

shutterstock_274566236
Stadig meir avfall går til materialgjenvinning. Dette gir positiv klima-og miljøgevinst.

Vi har nådd det første materialgjenvinningsmålet!

VØR sine eigarkommunar ønskja å vere meir ambisiøse enn det nasjonale målet om 50% materialgjenvinning og stilte dermed krav til VØR om å arbeide for å oppnå 60% materialgjenvinning av hushaldavfall innan 2020. Dette klarte vi i 2019! Takka vere ein formidabel sorteringsinnsats frå innbyggjarane våre!

I tillegg til gode sorteringsvanar på heimebane, er innbyggjarane våre også flinke til å nytte seg av miljøstasjonen for å levere avfallet sitt. Slik blir det mykje nye ressursar av, og derfor ei høgare materialgjenvinningsgrad!

Både klimaet og miljøet vinn på dette. Meir om miljø- og klimagevinsten ved å sortere kvar avfallstype finn du på denne sida: https://www.vor.no/sortering.493178.nn.html