Asbest må behandlast forsvarleg
Asbest må behandlast forsvarleg

Farleg avfall

Asbestmaterial vart tidlegare brukt i bygningar og installasjonar frå rundt 1920 og fram til eit forbod mot bruk av asbest kom i 1985. Fleire bygningar har i ettertid blitt sanert for asbest, men det er framleis mykje asbestmaterial att i eldre bygningar. Spesielt vart asbest hyppig brukt etter andre verdskrig og materialet var godt kjent for sine fantastiske isolerande eigenskapar. Det finst ulike namn på material som inneheld asbest. Nokon av desse er kjent som eternitt, asbestolux, internitt og pernitt.

 

Asbest inneheld asbestfiber som kan vere kreftframkallande
Det er når asbestfiber blir frigjort anten gjennom skade eller handtering at materialet utgjer ein helserisiko.

Kva er asbest

Asbest er krystallinske silikatmineral med fiberstruktur og er først helseskadeleg når asbestfiber eller støv blir frigjort frå materialet, anten gjennom at asbesten blir bearbeida eller skada. Frigjorte asbestfiber kan ved innånding gi større risiko for kreft og utgjer derfor ein helserisiko ved nærkontakt. Det er derfor strenge krav til korleis asbest skal sanerast, pakkast inn og leverast til godkjent avfallsmottak.

 

Asbestmaterial skal pakkast inn i to lag med bygningsplast og teipast i alle kantar og skjøtar
Asbestmaterial skal pakkast inn i to lag med plast og teipast i alle kantar og opningar

Korleis levere asbest

All asbest skal pakkast inn i to lag/runder med plast, og teipast godt igjen i alle kantar, samt merkast med "inneheld asbest" og leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda. Ved større mengder ønskjer vi dette levert på pallar. Ved mangelfull eller dårleg innpakking vil den som leverer bli vist vekk frå anlegget. Ny og forsvarleg innpakking må skje i eigen regi. Ved mottak vil leveranse bli kontrollert av hjullastarsjåfør som også vil hjelpe å lesse av asbesten i konteiner.

Kvar abonnent har inkludert i gebyret sitt gratis levering av opptil 1000 kg farleg avfall kvart år. Dersom du har mengder over dette, kan du nytte deg av slektningar eller andre si ubrukte kvote. 

Eternittak inneheld asbest
Eternittak inneheld asbest og er spesielt vanleg i vårt område. Dette var mykje brukt på eldre gårdsbygg.

Kvar finn vi asbest

Asbest finst i blant anna harde bygg- og fasadeplater (eternitt), isolasjonsmateriale for røyr og kjeler, samt i vassrøyr og kan også vere i fliser, flisskum, avrettingsmasse m.m. Det mest vanlege i vårt område er eternittak på eldre gårdsbygg.