VØR har lagt bak seg eit år prega av både framgang og økonomiske utfordringar. I 2024 handterte selskapet 7 033 tonn avfall frå hushaldningar. Dette er ein auke på 5 % frå året før. Trass i auka avfallsmengder og økonomiske tilpassingar, held vi fram med å levere gode tenester til innbyggjarane i Volda og Ørsta samstundes som vi arbeider for berekraftige løysingar.

Auka avfallsmengder og endringar i gjenvinningsgrad

I 2024 opplevde vi ein auke i samla avfallsmengde. Likevel fall materialgjenvinningsgraden frå 62,9 % i 2023 til 59,0 % i 2024. Dette skuldast mellom anna at trevirke vart sendt til energigjenvinning i staden for materialgjenvinning, som eit resultat av økonomiske prioriteringar.  Energigjenvinningsgraden auka til 38,9 %, medan deponigraden heldt seg låg på 2,1 %. 

Økonomiske utfordringar og tiltak

VØR kom i 2024 i ein økonomisk utfordrande situasjon grunna svak likviditet. Kombinasjonen av renteauke, lågt gebyrnivå, auka driftskostnadar og skjerpa krav har bidrege til ein stram økonomi over tid og førte til at selskapet måtte utvide kassakreditten i 2024. For å betre den økonomiske situasjonen vart det sett i verk fleire tiltak for å redusere kostnadane, betre likviditetsflyten og optimalisere drifta. 

Fokus på trafikktryggleik og samarbeid

Vi har i VØR i 2024 hatt auka fokus på trafikktryggleik, både på rutene og ved miljøstasjonen i Hovdebygda. For å betre tryggleiken på innsamlingsrutene har vi gjort fleire justeringar knytt til hentepunkt for blant anna å minimere trafikkfare for mjuke trafikantar og sikre tryggare tilkomst for våre sjåførar. På miljøstasjonen i Hovdebygda har vi gjennomført ei omfattande rydding og omorganisering av anlegget. 

Vi har også samarbeida med naboselskapa med mål om å sikre ei meir berekraftig, økonomisk og rasjonell handtering av matavfallet i framtida.

Organisatoriske endringar og nye tilsette

I løpet av året vart det oppnemnt eit nytt representantskap og valt eit nytt styre. Selskapet har også fått fleire nye tilsette, som bidreg til å styrke organisasjonen. 

Resultat for 2024

VØR hadde i 2024 driftsinntekter på 54,3 millionar kroner og driftskostnader på 53,9 millionar kroner, noko som gav eit driftsresultat på 406 000 kroner. Etter finansinntekter, finanskostnader og skattekostnader enda årsresultatet med eit underskot på 4,1 millionar kroner. Dette er noko betre enn budsjettert.

Ved årsskiftet hadde VØR eit negativt sjølvkostfond for hushaldningsrenovasjon på –196 300 kroner. Dette er ein nedgang på 3 millionar kroner frå året før. Over- eller underskot i sjølvkostfondet skal dekkjast inn over ein periode på 3–5 år. For 2023 og 2024 har det vore planlagde underskot, men når fondet no er negativt og likviditeten er svak, er det naudsynt med tiltak. Difor vert renovasjonsgebyret auka med 15 % frå 2025.

Utsikter for framtida

Sjølv om 2024 baud på fleire utfordringar, ser vi i VØR framover med mål om å vidareutvikle tenestene og sikre ein berekraftig økonomi. Vi vil halde fram arbeidet med å redusere avfallsmengda i dei nedste delane av avfallspyramiden og sikre ei berekraftig avfallshandtering også i framtida. Gjennom tett dialog med eigarkommunane, samarbeid med andre avfallsselskap og ei målretta satsing på tryggleik og kvalitet, vil vi sikre at selskapet er godt rusta for å møte framtida. VØR vil i 2025 halde fram arbeidet hente mest mogleg ressursar ut av avfallet og tilby løysingar som tek omsyn til både miljø og økonomi. 

For meir detaljert informasjon, kan du lese heile årsrapporten her: https://img4.custompublish.com/getfile.php/5414565.2614.amtabqbbnjjbjn/A%CC%8Arsmelding%2BV%C3%98R%2B2024.pdf?return=www.vor.no