Det er stor interesse for den planlagde utbygginga av omlastestasjon til VØR på Melsgjerdet. Heile 35 interesserte har så langt tatt ut konkurransegrunnlaget frå Doffin, og i dag på synfaringa møtte fleire av disse opp for å delta på tilbodssynfaring på området. Forbipasserande melder i tillegg om oransje og signalgule personar som sidan før påske har vore på inspeksjon på tomta.

" Vi er glade for å kunne gjere vårt til å halde hjula i gang i næringslivet, og vi trur dette prosjektet vil vere eit viktig lokalt bidrag komande haust og vinter, i ein situasjon der ein del private prosjekt er sett på vent" seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Planen er tildele byggekontrakt før ferien og kunne ta anlegget i bruk 30 juni 2021.