Øyvind Amdam er tilsett som ny dagleg leiar i Retura Søre Sunnmøre. Amdam trer inn i stillinga etter ferien, 2020, etter å ha jobba mange år som dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme.

-Amdam har tidlegare bakgrunn frå bygg- og anleggbransjen, og har erfaring som leiar for eigedomsavdelingane i Ørsta og Hareid kommunar. Han er omgjengeleg som person, vektlegg tillit i det daglege og blir oppfatta som inkluderande og rettferdig overfor sine medarbeidarar, seier styreleiar i Retura Søre Sunnmøre, Bente Fylken.

Amdam sjølv gleder seg til å ta fatt på ein ny jobb innanfor avfallsbransjen der det skjer mykje spennande i forhold til klima og FN sine berekraftsmål.

Retura Søre Sunnmøre og VØR ønskjer Amdam velkomen til selskapet.