Nordmenn produserer mykje restavfal
Høyrest nokon av desse tankane kjende ut?

Skrot bruk og kast-mentaliteten

Nordmenn er blant dei beste, eller verste i verda på å bruke og kaste. Det går hardt utover miljøet og naturressursane våre. Her får du fem enkle tips og triks til korleis du kastar mindre i restavfallet, noko vi lovar vil gje deg ein god smak i munnen, og ikkje berre fordi det innebêr å ete saftige restevaflar.

1. Kjøp færre, betre ting

Still deg sjølv nokre ekstra spørsmål før du dreg kortet, kanskje særleg når det er “det største salet nokonsinne”. Treng eg dette? Er det av god kvalitet? Kjem eg til å bruke det? Prøv å kjøpe ting som vil halde lenge, både fordi det er av god kvalitet, men og fordi designet er tidlaust.

Sjølv om ei t-skjorte verkar billeg har den ein høg pris: Det går til dømes med 1400 liter vatn for å produsere den.

 

TIPS:

  • Prøv å ha kvite månader, altså månader med shoppestopp. Unngå “fast fashion”, ting som går raskt av moten og er av dårlig kvalitet.

2. Et opp maten

Kvart år kastar kvar og ein av oss 42 kilo etande mat (Kjelde: Matvett og Østfoldforskning). Det betyr at kvar åttande handlepose går rett i søpla, til dømes med mat som har passert best før-datoen, men som ofte er god etter. Heldigvis er det enkelt å gjere noko med det. Sleng slappe grønnsaker i ei eldfast form, i staden for i matavfallet, og tryll brune bananer om til restevaflar. Her kan du og ha juiceskvettar i.

Du kan og:

  • Sjå, lukte og smake på maten.
  • Kjøpe og lage mat i riktige mengdar.
  • Fryse ned matrestar, eller råvarer som snart går ut på dato.
  • Halde orden i mat- og kjøleskap (for eksempel samle mat som snart går ut på dato i nederste hylle) så det er lett å sjå kva som snart må etast opp.

TIPS:

  • Ha restefest ein gong i veka, til dømes på torsdagar, så du kan starte helga med reint kjøleskap og reint samvit.
  • Planlegge handleturen og sette opp ein vekesmeny. Ta utgangspunkt i råvarene du allereie har, og kjøp råvarer som du kan bruke i fleire rettar. Då blir det lettare å bruke opp heile råvaren, fra stilk til rusk.
Kjeldesorteringssystem
Lag deg eit oversiktleg og brukarvennleg kjeldesorteringgsystem

3. Få system på avfallet ditt

Kjeldesorter avfallet ditt og lever det til gjenvinning. Då sikrar du at verdifulle materialar kjem tilbake i kretsløpet, og at farleg avfall blir tatt hand om på best mogleg måte. Ein god plass å byrje er å lage eit godt system for kjeldesortering under kjøkkenbenken. Finn fram fem behaldarar, som øskjer, korgar og bærenett. Du treng ein til papir, ein til plastemballasje, ein til glas- og metallemballasje, ein til restavfall og ein til matavfall.

Elektrisk og elektronisk avfall samlar du i raudeboksen, til dømes batteri og lyspærer, som du kan ta med til miljøstasjonen i Hovdebygda eller du kan levere el-avfallet til ein elektronikkbutikk. Farleg avfall kan du levere på miljøstasjonen.

TIPS:

  • Kjeldesortèr alt som kan resirkulerast. Er du usikker på kva som skal kor eller om det kan resirkulerast, kan du søke det opp på sortere.no eller ta kontakt med oss på mail eller legge igjen eit spørsmål på Facebooksida vår.

4. Ta vare på det du har

Elektronikk, tekstil og utstyr kan lett hamne i restavfallet når det byrjar å fuske eller blir holete, og vi ikkje heilt veit korleis vi skal reparere eller stoppa det. Men det fins ein kur. Lær deg korleis du gjer enkle reparasjoner. Søk det opp på YouTube, eller spør folk om råd. Kanskje har du ei tante eller ein bror som veit korleis ein fiksar den tingen? Elles så kan du sette ut jobben til profesjonelle fiksarar.

TIPS:

  • Sjekk ut denne sida frå Naturvernforbundet, Ta vare på det du har, for tips og triks til korleis du kan fikse ting sjølv. Her får du og ei oversikt over kor du kan få fiksa ting, om det er skomakarar, skreddarar, eller andre reparatørar du treng.
  • Inviter til ein fiksefest kor naboar, vener og kjende hjelper kvarandre med å reparere ting som har gått i stykker. Sosialt, lærerikt og bra for miljøet på same tid! På denne måten forlenger ein levetiden til ting som ellers ville ha blitt kasta, samstundes som ein lærer seg korleis ein reparerer ein ting eller to.
For små eller slitte kleder kan du levere til tekstilcontainarar.
For små eller slitte kleder kan du levere til tekstilcontainarar, slik får desse ny bruksverdi.

5. Kjøp brukt og gi bort

Produksjon av nye produkt krev stor ressursbruk og fører med seg store klimagassutslepp. Spar miljøet ved å kjøpe det du treng brukt, og ved å levere ting til gjenvinning, i staden for å kaste det i restavfallet. Fretex, UFF og Fileks samlar blant anna inn kleder og tekstilar, som anten blir selt vidare, eller som kan gjenbrukast og resirkulerast. Tekstilcontainerane finn du overalt i Ørsta og Volda.

TIPS:

  • Skaff deg eit handlenett og andre behaldarar som du kan bruke om att og om att, og bruk plastposane du allereie har fleire ganger.
  • Kjøp blant anna gåver, kleder og møblar frå bruktbutikkar, gjennom Tise-appen, eller på nettsider/Facebook grupper som sel bruktvarer. Arranger byttekveldar med vener, naboar og andre kjende.