NB! Hengarane har sommardekk og er difor ikkje til utlån om vinteren.

 

 

  • Berre for avfall: Lån av hengar hjå VØR er berre for køyring av avfall til miljøstasjonen
  • Sikre lasta: Hugs å sikre lasta godt slik at ikkje avfallet er til fare for andre eller hamnar i vegkanten.
  • Utlån i helga: Vi låner ikkje ut hengarane over helga. Ved laurdagsope vil det seie frå laurdag etter kl. 12 til måndag.tilhenger1.jpg
  • Straumkontakt: Vi har 7-pols straumkontakt på hengarane. Evt overgang må ein ta med sjølv.
  • Gjer klart avfallet: Då det er mange som ønskjer å låne hengar, ber vi om at avfallet som skal køyrast er gjort klart på førehand.
  • Utlån berre sommarstid: Då vi berre har sommardekk på hengarane, vert dei ikkje lånt ut på vinterstid.
  • Hald avtalte tider: Dersom hengaren ikkje er henta 30 minutt etter tidspunktet den er reservert, kan den bli lånt ut til andre.
  • Tøming av hengaren: Hugs å sette av tid til tøming av hengaren ved levering slik at ikkje nestemann for utlån må vente.
  • Tilhengarkalkulator: Sjekk tilhengarkalkulatoren frå Vegvesenet om du kan dra hengarane med bilen du har.
  • Reg. nr på hengarane: Hengar 1 reg.nr: BB2058, Hengar 2 reg.nr: BB1661

Opningstider miljøstasjonen

Måndag - fredag kl 08.00 - 15.30, tysdag kl 08.00 - 19.00
Laurdag kl 09.00 - 12.00 (NB! Vi har laurdagsope frå 1. mars til 1. november, med unntak av juli månad).
 
For reservering av hengar i kalenderen, må ein ha epostadresse og telefonnummer. Klikk i kalenderen i det grøne feltet på det klokkeslettet (frå) du vil reservere hengaren. Legg inn opplysningar i dialogboks som kjem opp. Du får så ei bekrefting på din reservasjon på e-post (hugs å sjekke spamboksa). Der kan du også kansellere reservasjonen om du ønskjer det.