Volda Ørsta Reinhaldsverk
Miljøstasjonen
Opningstider:
Mandag - Fredag 08.00 - 15.30
Tysdag langope til 19.00
Laurdag 09.00 - 12.00

Finn din hentedag ved å søkje på stad eller gatenamn til høgre


93 prosent av alt elektrisk avfall gjenvinnast!

Ferske tal frå Elretur viser at vi har ei auke frå 91,5 prosent frå 2010 til 93 prosent i 2011 på gjenvinning av elektrisk avfall. Det blir gjenvunne mykje metall og jern frå det elektriske avfallet som blir til nye material eller til energigjenvinning. Så det nyttar å levere elektrisk avfall til gjenvinning og vi håper at abbonentane våre vil fortsetje med det.

Sjå nettsida til Elretur for meir informasjon

 


[9. mai 2012]
Strandryddedag

Mange deltok på Strandryddedagen den 5. mai. Strandryddedagen er eit samarbeid med skular, grendalag, renovasjonsselskap som VØR og kommunene for å rydde friområder mot sjø og vatn, badeplassar og anna offentleg stranlinje. Per dato har vi fått inn i overkant av 40 tonn avfall, det meste vi nokon gong har fått inn på strandrydding. Vi takkar for innsatsen og håpar at alle får ein fin badesesong på ei rein strand.

[7. mai 2012]
Henting av avfall i mai

I samband med helgedagar i mai, vert det fylgjande henting:

Restavfall
Torsdag 17. mai vert henta onsdag 16. mai
Måndag 28. mai vert henta tysdag 29. mai

Papir rute 1
Torsdag 17. mai vert henta onsdag 16. mai

Papir rute 3
Måndag 28. mai vert henta tysdag 29. mai

NB! Vi køyrer dobbel rute desse dagane og må starte dagen seinast kl. 06.30. Alle avfalls- og papirdunkar må difor vere framsett seinast kl. 06.30. For opningstider på Miljøstasjonen sjå www.vor.no.

Vi ønskjer alle fine maidagar!


[7. mai 2012]
Nye faktureringsrutiner

Frå 2012 vert det sendt ut faktura 2 gongar i året. Faktura for 1. termin er no komne i posten.

[7. mai 2012]
Gratis mold

Den som treng mold kan hente det gratis på Miljøstasjonen. Dette er mold som kjem frå oppkverna, kompostert og tromla hageavfall. Vi har rikeleg med mold på lager.

Førstemann til mølla...


[20. april 2012]
Klikk her for å lese fleire artiklar frå denne seksjonen

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

Kunderservice
Kontakt VØR  
Telefon: 700 48 600
Kontakt Retura
Telefon: 700 48 610