Innsamlinga vil gå føre seg ved at det vert sett opp innsamlingspunkt i dei ulike bygdene der innbyggjarane kan møte opp å få tømte den raude boksa si for farleg avfall og levere anna farleg avfall som nemnd nedanfor. Punkta vil vere bemanna av personell frå VØR som vil rettleie og hjelpe til med sorteringa av det farlege avfallet. 

Farleg avfall er avfall som inneheld helse – og miljøfarlege stoff. Dette er avfall som det er ekstra viktig blir levert som eigen fraksjon til godkjente mottak. Farleg avfall kan gjere stor skade om det hamnar på avvege, for eksempel i naturen eller i restavfallet. Vi i VØR har løyve til å ta i mot dette og handterer det vidare på ein trygg og forsvarleg måte. 

Ved farleg avfall aksjonane våre (og på miljøstasjonen) kan privatpersonar gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer
  • Sprayboksar (tomme og med innhald)
  • Maling, lim og lakk
  • Bilbatteri og mindre batteri
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt
  • Løysemiddel
  • Olje og drivstoff
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileike, lampar, mobiltelefon, ladarar, pc etc.

Det er viktig at flytande avfall er godt emballert, og gjerne i originalemballasjen med faremerking på. Er de usikker på om noko er farleg avfall, spør gjerne våre operatørar ute på aksjonane eller på miljøstasjonane vår. 

NB! Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda. Privatpersonar kan levere inntil 1000kg farleg avfall gratis per år. 

Vi  i VØR ser fram til å møte mange av kundane våre ute og få samla inn farleg avfall på ein trygg og forsvarleg måte. Nedanfor finn de oversikt over kva bygder vi kjem til og tidspunkt for når vi er der. 

Volda KommuneDatoKlokkeslett
Bjørke04.03.2413.00-13.30
Kalvatn04.03.2414.00-14.30
Fyrde04.03.2415.00-15.30
Grodås04.03.2416.00-18.00
Grodås11.03.2416.00-18.00
Dalsbygda 13.03.2414.30-15.00
Steinsvika13.03.2415.30-16.00
Dravlaus13.03.2416.30-17.00
Velsvika13.03.2417.30-17.50
Lauvstad13.03.2418.15-19.00
Høydal14.03.2414.00-14.30
Straumshamn14.03.2415.15-15.45
Bjørkedalen14.03.2416.15-16.45
Folkestad14.03.2417.15-18.00
Ørsta kommuneDatoKlokkeslett
Øye06.03.2411.00-11.30
Urke06.03.2412.00-12.30
Rekkedal06.03.2413.30-14.00
Standal06.03.2415.00-15.30
TrandalUtsatt 
Sæbø06.03.2417.30-18.15
Follestaddalen07.03.2414.30-15.00
Åmdalen07.03.2415.30-16.00
Barstadvika07.03.2417.00-17.30
Nordre-Vartdal07.03.2418.00-18.30
Søre-Vartdal07.03.2419.00-19.45
Farleg avfall innsamling våren 2024