Strandrydding 2019

Klar for vårens vakraste eventyr?

Vi vil invitere alle som ynskjer å gjere ein innsats for nærmiljøet sitt til ein kollektiv ryddedugnad for ein reinare Sunnmørsnatur frå 29 april til 5 mai. Dette skjer i samband med årets strandryddeveke, der heile Noreg ryddar lokalmiljøet sitt.

Ein kan gjerne utføre ryddeaksjonar utanom dette tidspunktet og!

Vi har laga ein rettleiar til dei som ynskjer å delta i eller opprette ein ryddeaksjon i vårt nærområde: Strandrydding.pdf.  

På Hold Norge Rent sin ryddeportal, kan du registrere din ryddeaksjon. Hugs å tilknytt ryddeaksjonen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk eller send oss aksjonskoda før du hentar ryddeutstyr og leverer avfallet på miljøstasjonen. Aksjonskoda må du oppgi i vekta når du leverer avfallet. 

Har du sett eit område som er forureina og som burde ha vore rydda for avfall? Dette kan du no registrere på Hold Norge Rent sitt ryddekart. Gjerne legg ved eit par bileter av korleis det ser ut og.

Det er viktig å lese sikkerheitsrettleiaren om ein skal organisere større ryddeaksjonar, og spesielt om born skal vere med. Denne rettleiaren kan du få med oss når du hentar ryddeutstyr.

Om du vel å plukke 5 for kvalen eller deltek i ein ryddeaksjon, så er alle bidrag like viktige! Saman tek vi vare på den flotte naturen vår! 

 

Takk for innsatsen!