Matavfall

Matavfall skal samlast opp i grøne matavfallposar som du kan bestille med VØR. Matavfallet vert henta kvar 14. dag og sendt vidare til Mjøsanlegget i Lillehammer for biogass produksjon.

Eksempel på kva du kan kaste i matavfallsdunken:  

 

JA

NEI

Matrestar Hundeposar (restavfall)
Frukt og grønnsaker Blomster og hageavfall
Kaffegrut og filter (Våt) servietter (restavfall)
 Teposar Matemballasje
Skalldyr og eggeskal  Vaksenbleier
Småbein  
Tørkepapir med matrestar  
Barnebleier (om restavfallet
er fullt)
 

Papp og papir

I papirdunken kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Slik blir avfallet ditt til nye papp- og papirprodukt. Pass på at papiret er reint og utan matrestar.

Drikkekartongar

  • Skyl og tørk drikkekartongane
  • Merk kartongane med namn og telefonnummer
  • Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.

Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirdunken.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

JA

NEI

Aviser Farleg avfall
Pizzaøskjer Elektrisk avfall
Drikkekartongar Trevirke
Vekeblad Serviettar (restavfall)
Bølgepapp Tørkepapir (restavfall/matavfall)
Bøker m. mjuk perm Matpapir (restavfall)
Reklametrykksaker Suppeposar (restavfall/plast)
Pappøskjer Gåvepapir (restavfall)
Papirark Julepapir (restavfall)
Eggekartongar Bøker hard perm (restavfall)
  Hageavfall

Emballasjeplast

Plast er eit oljebasert materiale. Når du leverer rein og tørr emballasjeplast til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer.

Emballasjeplast må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.

Emballasjeplasten blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til emballasjeplast èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar. Bruk ikkje andre sekkar til emballasjeplast enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn emballasjeplast.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Plastfolie Hagemøbler (restavfall)
Sjampoflasker Leiker av plast (restavfall)
Ostepakkar Bøtter (restavfall)
Rømmebeger Hageslangar (restavfall)
Bæreposar Skiten plast (restavfall)
Vaskemiddelflasker Kulepennar (restavfall)
Blomsterpotte i plast Tome oljekanner (restavfall)
Kaffiposar (utan aluminiumsbelegg) Isopor (pris per kubikk)
Suppeposar (utan aluminiumsbelegg) Tome malingsspann (restavfall)
Potetgullposar (utan aluminiumsbelegg) Vedsekkar (restavfall)
Plastposar Strappeband (restavfall)
  Presenningar (restavfall)
  Badebasseng (restavfall)
  Pillebrett (restavfall)
  Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall)

 

Restavfall frå grøn dunk

Restavfall er det du sit att med etter at du har sortert. Døme på kva type restavfall du kan kaste i restavfallsdunken og levere på miljøstasjonen ser du under.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

JA

NEI

Hundeposar Rein emballasjeplast
Bleier Emballasje av glas og metall
Skiten plast og papir Tørt og reint papir/ papp
Emballasje med aluminumsbelegg  
   

Emballasje av glas og metall

Glas- og metallemballasje skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl glaset og metallemballasjen i kaldt vatn. 

Merk at det berre er emballasje av glas og metall som skal i desse containerane. Sjå under kva type glas og metall som er emballasje og kva som ikkje skal i containerane. Emballasje frå glas og metall skal leggast laust ned i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Glasflasker Eldfaste former (uorganisk materiale)
Kosmetikkglas Spikar (metall)
Vin- og spritflasker Drikkeglas (restavfall)
Hermetikkboksar Porselen (restavfall)
Metallok og -korker Keramikk (restavfall)
Telyshaldar metall Telyshaldar plast (restavfall)
Syltetøyglas Steikepanner og gryter (metall)
  Vindaugsglas (uorganisk materiale)
  Metallband (metall)

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen. 

Sortere farleg avfall:

Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.

All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Flytande farleg avfall må emballerast godt. Du kan levere inn farleg avfall på to måter:

- På miljøstasjonen
- Hos forhandlar

Raud boks: Alle husstandar har fått ei raud boks til sortering av farleg avfall og småelektrisk. Denne kan du få tømt på miljøstasjonen. Det vil også vere innsamling av desse boksene rundt om i kommunane to gangar i året.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

 

JA

NEI

Maling Tome malingsspann metall (metall)
Beis, lim og lakk Tome malingsspann plast (restavfall)
Spillolje og oljeprodukt Tørka malarkostar og filler (restavfall)
Sprayboksar Videokasettar (restavfall)
Bensin Sement (uorganisk materiale)
Løysemiddeldiesel og parafin Asfaltplater (restavfall)
Bilbatteri Asfaltpapp (restavfall)
Brannslukkingsapparat Keramikk (uorganisk materiale)
Bilpleiemiddel Medisinar (Apoteket)
Golvbelegg m/ftalatar Patroner og fyrverkeri (Politiet)
Impregnert trevirke Dynamitt (Politiet)
Asbest (sjå under Asbest for levering)  
Kjemikaliar  
Sparepære  
Lysrør  
Reingjeringsmiddel  
Vindauge med PCB eller klorparafin  
Vindauge med asbest  
Vindauge/dør med bly  
Toner og blekkpatronar  
Kvikksølvtermometer  
Sterke syrar  
Baser og lut  
Plantevernmiddel  
Ugrasmiddel  
Motorrens  

Asbest

Vi tek i mot asbest frå private hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen (inntil 1000 kg pr år). Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast som du sjølv må skaffe deg (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Det som ikkje er forskriftsmessig pakka, vert avvist. Er du usikker, ta kontakt før levering.

Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall med plast over og under. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Vi hjelper med å lesse av asbesten frå hengaren på Miljøstasjonen.

Innanding av asbestfiber kan vere kreftframkallande, difor er krava strenge.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

husk-a-pakke-asbest-inn-i-dobbelt-lag-med-plast_00592_00_06.jpg


Hugs å pakke asbesten i 2 lag med plast, tjukkelse 0,2 mm bygningsplast.

Elektrisk og elektronisk avfall

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. EE-avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen.

Hos forhandlar
EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.
 

JA

NEI

Batteri Bilbatteri (farleg avfall)
Lamper Bildelar (metall)
CD-spelar CD/DVD (restavfall)
Klokke Gassgrill (metall)
Hårfønar Spraybokser (farleg avfall)
Mobiltelefon Varmtvasstank (metall)
Datautstyr Toner og blekk (farleg avfall)
Røykvarslar Sparepærer (farleg avfall)
Kjøkenmaskin Lysrør (farleg avfall)
Kjøleskap Termometer kvikksølv (farleg avfall)
Frysar  
Steikeomn  
Mikrobølgeomn  
Oppvaskmaskin  
Vaskemaskin  
Tørketrommel  
Varmeomn  
Varmepumpe  
Blinkesko  
Leiker med batteri  
Lyspærer  

 

Grovavfall

Grovavfall er det du sit att med etter at du har sortert. Døme på kva type restavfall du kan levere som grovavfall på miljøstasjonen ser du under.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

JA

NEI

Sofa Mjuke leiker (tekstilar/kle)
Fliser (deponi) Hagemøblar i tre (trevirke)
Keramikk (deponi) Tome målingsspann av metall (metall)
Porselen (deponi) Bildekk utan felg (gummi)
Eldfaste former (deponi) Bøker mjuk perm (papir)
Drikkeglas (deponi) Sykkel (metall)
Gips Barnevogn (metall)
Isolasjon Bilsete (metall)
Tapet Parkett (trevirke)
Tome målingsspann i plast Tarkett (trevirke)
Tørre målepenslar og filler Badekar (metall)
Julepapir  
Gåvepapir  
Asfaltplater  
Bildekk med felg  
Bøker med stiv perm  
Barnesete  
Hagemøblar i plast  
Harde leiker  
Eingongsgrillar  
Golvbelegg (utan ftalat)  
Laminat  
Presenningar  
Badebasseng  
Vedsekkar  
Strappeband  
Isopor (pris pr kubikk)  
Pillebrett  
Skumgummi  
Andre gummiprodukt  

 

Tekstilar og kle

Leverer du kle og tekstilar til UFF og Fretex, er du med på å redusere mengda restavfall samt bidra til målretta humanitært arbeid. Du kan også ta kontakt med NMS Gjenbruk i Ørsta og Volda og høyre om dei vil ta i mot kleda. 

Kvaliteteten på det du leverer er ikkje avgjerande for nytteverdien.Det er viktig at tekstilane er reine og tørre. Det som ikkje går til ombruk, blir sendt til materialgjenvinning. Slitte tekstilar/kle kan bli til filleryer og tørkefiller.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Kle Skitne og våte tekstilar/kle (restavfall)
Smp tepper Store tepper (restavfall)
Puter  
Handkle  
Sko  
Dyner  
Sengety  
Dukar  
Belte  
Smykke o.l.  
Mjuke leiker  
Gardiner  

Hageavfall

Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tøme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn dunkar for sekkane ved hageavfallet. 

Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan låne hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.

- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall til deponi
- Svartelista planter skal leverast til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet. Sjekk oversikt over desse artane her: Fremmedartslista

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Greiner og kvistar Hageavfall i sekkar
Lauv Røter (til deponi)
Mose Jord (til deponi)
Gras Stein (til deponi)
Kutterflis Grus (til deponi)
Nedfallsfrukt Trestamme over 25 cm diameter (trevirke)

Metall

Du kan levere alt av metall (feks aluminium, kopar, jarn) til miljøstasjonen. Dette er kostnadsfritt. Vi har ein eigen container i hallen til metall. Har du lange metalldelar eller veldig tunge gjenstandar, ta kontakt i vektbuda for tilvist plass til dette. Hugs å tappe av olje/diesel frå motorar og girkasser før levering.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Bildelar Varmepumpe (metall)
Syklar Toalett (uorganisk materiale)
Barnevogner Vask porselen (uorganisk materiale)
Badekar Telyshaldar metall (emballasje frå glas og metall)
Spikar  
Steikepanner og gryter  
Metallband  
Vask av metall  
Decratak  
Takrenne  
Bølgeblikk  
Metallgjerde  
Bestikk  

Trevirke

Trevirke som er mala, lakka og med spiker i, kan du levere som trevirke. Impregnert trevirke skal sorterast som farleg avfall og leverast i eigen container.

JA

NEI

Sponplater Dører med glas (restavfall)
Treplankar Impregnert trevirke
Parkett Laminat (restavfall)
Tarkett Baderomsplater (restavfall)
Hagemøblar i tre Sofa (restavfall)
Pallar (også europallar) Trerøter (til deponi)
Trestammar over 25 cm diameter Hageavfall
Sagflis/mask  
Huntonittplater  
Bordkledning  

Betong og sement

Sementrestar og asfaltplater kan ein levere som grovavfall i eigen container på miljøstasjonen.

 

Betong produkt, slik som leca blokker, leverast i container for uorganisk materiale. Ein betalar då grovavfall pris ved levering.  Ved større mengder kan det vere betre å kontakte containerselskap slik som Retura Søre Sunnmøre for henting og levering.