Dersom du har bruk for ekstra- eller prekærtøming utanfor kontortid, kan du ta direkte kontakt med Norva24 Vest på tlf. 908 75 111. Innanfor kontortid kan du nå Norva24 på tlf 57 87 46 66.

For andre førespurnader vedrørande slamtømming, ta kontakt med oss som vanleg. 

Volda og Ørsta kommunar innførte i 1990 tvungen tøming av slamavskiljarar og tette tankar for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank for slam eller gråvatn. Bakgrunnen for ordninga er lovkrav for å hindre at det oppstår sjukdom og smitte frå kloakkslam på avvegar. Behandlingsmetoden er mobil avvatning på staden for slamavskiljarar med godkjent avløp. Tette tankar vert naturlegvis tømde for alt innhald.

Melding

Melding om tidspunkt og dato for tøming vil bli varsla med brev til abonnenten eller på annan måte som innsamlar finn føremålsteneleg.

Frekvens

For eigedomar med fast busetjing / heilårsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljar, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart andre år. For eigedomar med fast busetjing / heilårsbustad og utan toalett tilknytt slamavskillar og for fritidsbustader / hytter, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart fjerde år. Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle og minst ein gong kvart år. Ved særlige høve kan VØR fastsetje annan tømefrekvens enn nemnd ovanfor.

Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengelege og dimensjonerte for tøming med bil eller traktor med tankvogn. Overdekking av kumlokk og liknande med snø, is, jord, stein eller anna skal vere fjerna av abonnenten før tøminga.
Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tøminga. VØR vil ikkje påta seg krav for skade på vegar, hagar eller liknande. Dersom vegstandarden er for dårleg, må tankeigar syte for forsterkning.
Dersom abonnenten ikkje har klargjort tanken for tøming, eller ein må tøme tankar utanom oppsett innhentingsplan, kjem tilkøyring i tillegg til tømeprisen. For meir utfyllande opplysningar, vil vi syne til Forskrifter om renovasjon og slam for Ørsta og Volda