Restavfall og større gjenstandar (grovavfall) er ting som ikkje har ei materialgjenvinningsløysing i dag. Vi kan dele restavfall inn i to kategoriar; Restavfall sortert forbrenning (ting vi kan lage energi og varme av) og restavfall sortert deponi (ting som ikkje har brennverdi og må deponerast). Det første er det vi kallar grovavfall på miljøstasjonen, det andre er uorganisk materiale på miljøstasjonen. 

 

Restavfall
Ja takk
Glansa gåvepapir
Skitten plast, papp og papir, isopor
Plastgjenstandar (ikkje emballasje)
Bleier, snus, hundeposar
Blomster
Cd-ar, kassettar og dvd-ar
Skitten og øydelagde tekstil og sko
 
Grovavfall (miljøstasjon)
Ja takk
Sofa
Plastmøblar
Tremøblar med stoff og glas
Skitten tekstil og sko
Øydelagde leiker
Stråmøblar
Plastrøyr og plastgjenstandar
Madrasser og skitne dyner + puter
MDF-plater
Uorganisk avfall (miljøstasjon)
Ja takk
Alt av keramikk
Alt av porselen
Glas (vasar, eldfaste formar, drikkeglas osv)
Spegel 
Fliser (eks: baderom og kjøkken)
Leca blokker
Jord