Kun rein plastemballasje

Med plastemballasje meinast pakning som er rundt produkt.  Hardplast (eks: bøtter, leiker, utstyr) og isopor skal ikkje sorterast som plastemballasje, men kan leverast på miljøstasjonen eller plasserast i restavfallsdunken om du har små mengder.

Når du leverer rein og tørr plastemballasje til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer. 

Plastemballasjen må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.

Plastemballasjen blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar. Bruk ikkje andre sekkar til plastemballasje enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn plastemballasje.

Kva kan eg sortere som plastemballasje?

JA TAKK

NEI TAKK

Plastfolie Hagemøbler (restavfall)
Sjampoflasker Leiker av plast (restavfall)
Ostepakkar Bøtter (restavfall)
Rømmebeger Hageslangar (restavfall)
Bæreposar Skiten plast (restavfall)
Vaskemiddelflasker Kulepennar (restavfall)
Kaffiposar (utan aluminiumsbelegg) Tome oljekanner (restavfall)
Blomsterpotte i plast Isopor (restavfall eller Miljøstasjon)
Suppeposar (utan aluminiumsbelegg) Tome malingsspann (restavfall)
Potetgullposar (utan aluminiumsbelegg) Vedsekkar (restavfall)
Plastposar Strappeband (restavfall)
Påleggemballasje Presenningar (restavfall)
Yoghurtbeger Badebasseng (restavfall)
  Pillebrett (restavfall)
  Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall)

Kva skjer med plastemballasjen?

Etter at vi har tømt papirdunken din med plastemballasjesekken opp i, blir sekkane komprimert i bilen og manuelt sortert etter tømming på miljøstasjonen. Før 2018 vart plastemballasjen vår sendt av Grønt Punkt Norge til plastsorteringsanlegg i Tyskland med returtransport. Dette er lastebilar eller tog som elles ville gått tomme tilbake. Hausten 2018 og fram til sommaren 2019, vart plastemballasjen sendt til eit nytt plastsorteringsanlegg under oppbygging i Kristiansund. Medan dette anlegget no køyrer testrundar, har plastemballasjen blitt sendt til Sverige og Tyskland. I plastsorteringsanlegg blir plastemballasjen mata inn på store transportband, der eigne kvernemaskiner opnar sekkane med plastemballasje. Deretter vert plastemballasjen sortert etter ulike typar plast og ynskt avfallstypar blir sortert ut. I plastgjenvinningsanlegget blir plasten deretter vaska, smelta og granulert (gjort om til små pellets), og selt til råvareprodusentar som lagar nye plastprodukt av den resirkulerte plasten.

plastgranulat
Resirkulert plast blir til ny råvare

Kvifor sorterer vi plastemballasje?

Plast er eit fantastisk materiale som vi er heilt avhengige av, men også eit av vår tids største miljøproblem. Dagens samfunn er kjenneteikna av eit overforbruk av plast. Dette skapar eit stort problem då "jomfrueleg plast" som er olje-basert, ikkje er ein fornybar ressurs. Prognosar viser ei tredobling av global plastbruk innan 2050 og dette vil utan tvil legge press på verdas oljeressursar.

Det er derfor kritisk at den plastemballasjen som let seg gjenvinne, blir det. Ved å gjenvinne éin kilo plast, sparar vi nemlig to kilo råolje. Plastemballasje kan gjenvinnast opptil heile 7 gongar, før den gjer meir nytte i restavfallet og som energi og fjernvarme.

Det er dette kjeldesortering handlar om: å ta vare på og bruke ressursane våre om igjen.  Det er ein av dei små tinga du kan gjere for miljøet, kvar dag.

Takk for ditt bidrag!