Glas-ogmetall

Kva kan eg sortere i papirdunken?

I papirdunken kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Dette skal ligge laust i dunken og ikkje vere innpakka i plastposar! Pass på at papiret er reint og utan matrestar.

Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirdunken.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

JA

NEI

Aviser Farleg avfall
Pizzaøskjer Elektrisk avfall
Drikkekartongar Trevirke
Vekeblad Serviettar (restavfall)
Bølgepapp Tørkepapir (restavfall/matavfall)
Bøker m. mjuk perm Matpapir (restavfall)
Reklametrykksaker Suppeposar (restavfall/plast)
Pappøskjer Gåvepapir (restavfall)
Papirark Julepapir (restavfall)
Eggekartongar Bøker hard perm (restavfall)
 

Hageavfall

Delta i Returkartonglotteriet og få sjansen til å vinne 100 000 kr

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp.

Du treng berre å:

  • Skyl og tørk drikkekartongane
  • Merk kartongane med namn og telefonnummer
  • Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

 

Gjenvinning av papp og papir
Gjenvinningsprosessen av papp og papir

Kva skjer vidare med papiret, pappen og drikkekartongane?

Papiret og pappen vert sendt til Bingsa for pressing, før det vert sendt vidare til papirfabrikkar. Resirkulert papir og papp gir eit vesentleg mindre klimaavtrykk samanlikna med å bruke jomfruelige råvarer i produksjon av nytt papir. Papirfiber kan gjenvinnast opptil sju gongar. Fabrikkar ligg i Skandinavia og Nord-Europa. Pris avgjer kvar det endar.

I papirfabrikkane blir papir og papp skilt frå drikkekartongane. Kartongane blir blanda med anna returfiber i ei trommelmaskin som løyser opp plast- og aluminiumsbelegg frå papirfiberet. Massen blir deretter silt for å fjerne korkar og lok før det går vidare inn i papirmaskina, der det blir dampa og pressa til nytt material.