Alle våre abonnentar, utan varmekomposteringsavtale, har ein brun dunk til matavfallet, samt rullar med grøne matavfallposar og ein mindre behaldar til kjøkkenet.

Kva kan eg sortere som matavfall?

 

JA TAKK

NEI TAKK

Matrestar (utan emballasje!) Blomster og potteplanter
Kaffifilter- og grut Hageavfall
Teposar Kattesand
Skrell Snus og sigarettsneipar

Matvarer utgått på dato

Matavfall i emballasje
Tørkepapir med matrestar Hundeposar
Småbein  Tyggis
Skaldyrrestar Bomull og q-tips
Egge- og nøtteskal Bind og tampongar
Tømming av matavfall hjå SSR

Kva skjer med matavfallet?

Matavfallet vi samlar inn hjå deg, blir sendt til Mjøsanlegget i Lillehammer, saman med matavfall frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). På Mjøsanlegget blir dei grøne posane opna av ei kvern, og uynskt materiale blir sortert ut. Metall blir sortert ut ved hjelp av ein kraftig magnet, og plast blir skilt ut ved hjelp av fleire filter. Matavfallet går vidare til ein stor tank og blir kokt på 138 grader i minst 20 minutt. Så går det til rotnetankar der resultatet blir fornybar biogass og næringsrik biogjødsel. Dei tørre restane etter denne prosessen vert blanda med hageavfall, sand og torv til ulike jordprodukt for sal.  

Mjøsanlegget følgjer gjødselvareforskrifta som seier at ei gjødselvare kan maks innehalde 0,5% forureining. Gjødselvareforskrifta sett også krav til at partiklar ikkje skal vere over 4mm. Mjøsanlegget tek 4 prøver i året av gjødsla og prøvene hittil viser 0,18 % forureining, altså langt under krava om 0,5% som beskrive i gjødselvareforskrifta. Dei 0,18 % består av både sand, glas, stein og anna grums. 

Varmkomposter matavfallet heime

Dersom du har kjøpt deg ein varmkompostbinge og komposterer alt matavfallet heile året, kan du ved å gå inn ein avtale om heimekompostering få redusert renovasjonsgebyret. Denne avtalen kan du teikne ved å fylle ut skjemaet under (elektronisk skjema) eller sende avtalen pr brev. Du kan laste ned pdf av avtalen her: Avtale om heimekompostering. Meir informasjon om ordninga finn du her.

Unngå matsvinn

Det er estimert at omlag 1/3 av maten som blir produsert i verda i dag går tapt i restavfallet.  Kvart år kastar kvar nordmann i gjennomsnitt 42 kilo med mat som kunne ha blitt ete. 

Vi må bli flinkare til å stole på sansene våre når det kjem til matvarer og å korleis best utnytte desse. 

Nokon tips til å redusere matsvinn heime:

  • Stol på eigne sansar. Smak, lukt, sjå og kjenn etter om maten framleis er etandes
  • Best før, betyr ofte god etter
  • Lag restemiddag av dvaske gulerøter, eldre melkeskvettar og andre ingrediensar du har liggande i kjøleskapet
  • Planlegg innkjøp og lag ein middagsplan for veka, då unngår ein gjerne impulskjøp og unødvendige matvarer som blir liggandes ubrukt i kjøleskapet
Planter treng Fosfor, kalium, nitrogen
Fosfor(p), i tillegg til nitrogen og kalium er viktige næringstoff for alt liv på jorda.

Kva er miljø- og klimagevinsten?

I 2018, bad Stortinget regjeringa om å stille krav til kommunar om lovpålagt utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå hushald og liknande avfall frå næring. Dette er viktige verkemiddlar skal vi nå EU kravet om 50 % materialgjenvinning av hushaldavfall innan 2020. I dag har 78% av innbyggjarane i Norge tilbod om sortering og henting av matavfall. Matavfallet vårt inneheld verdifuller ressursar, og ved å sortere det, får vi utnytta og gjenvunne desse ressursane mange gangar. 

Miljøgevinsten av å gjenvinne matavfallet er stor. Dette skyldast bl.a at vi globalt har avgrensa med fosforressursar i dag. Fosfor blir produsert av bergarten fosforitt som er å finne i gruver i nokon få land. Fosfor er eit viktig næringsstoff som alt liv på jorda er avhengig av. Det er også ein av dei viktigaste komponentane i kunstgjødsel som blir brukt av landbruket til matproduksjon. Som ein del av utviklinga av ein sirkulær økonomi i Noreg, har Stortinget bede Regjeringa om å utarbeide ein nasjonal strategi for gjenvinning av fosfor. Matavfallet vårt (i tillegg til husdyrgjødsel og fiskeslam) er ein av dei viktigaste kjeldene til fosfor. I tillegg inneheld matavfallet andre viktige næringsstoff som nitrogen og kalium. Når vi gjenvinner matavfallet vårt, får vi ført desse næringsstoffa tilbake til matjorda vår gjennom biogjødselen. Fleire stadar i landet er fosfor ei mangelvare og biogjødselen som er produsert på ditt matavfall kan dermed i stor grad erstatte behovet for kunstgjødsel, som er basert på ein ikkje-fornybar ressurs.

Auka gjenvinning av matavfall har også ein positiv klimagevinst. Gjennom fornybar biogass, bidreg vi til at vi får fleire alternativ til fossilt drivstoff. Kvar liter diesel ein bytter ut med biogass, reduserer utsleppet av CO2 med 2,7 kilo. Biogassen er òg klimanøytral fordi den allereie finst i kretsløpet. I tillegg gir den ikkje utslepp av sot- og støvpartiklar og har mindre utslepp av nitrogenoksidar. Sorteringsinnsatsen din på kjøkkenet gir dermed stor verdi for både miljøet og klimaet. 

Takk for innsatsen!