Frå januar 2019 hentar vi matavfallet heime hos deg. Alle vil få utdelt ein avfallsdunk med brunt lok som vert tømd kvar 14. dag. Ein får også utdelt ei korg som ein kan samle matavfallet i og oppsamlingsposar. Dersom du går tom for posane, ta kontakt.

Dette kan du levere

JA TAKK

NEI TAKK

Matrestar Blomster og potteplanter
Kaffifilter- og grut Hageavfall
Teposar Kattesand
Skrell Snus og sigarettsneipar
Bleier Matavfall i emballasje
Tørkepapir med matrestar Hundeposar
Småbein Tyggis
Skaldyrrestar Bomull og q-tips
Egge- og nøtteskal Bind og tampongar

Visste du at

I gjennomsnitt så kastar ein innbyggjar 426 kg med hushaldsavfall kvart år? Rundt halvparten av dette er matavfall. Totalt så kastar nordmenn over 300 000 tonn mat kvart år som kunne ha vore ete.

Omtrent 70% av alle hushald i Norge har tilgang på returordning for matavfall.

Matavfall inneheld fosfor og andre viktige næringsmiddlar. Fosfor er eit avgrensa og essensielt næringsstoff for planter, dyr og menneskjer. Det er derfor viktig at dette vert ført tilbake i kretsløpet.

Ein buss som går på biogass kan kjøre 0,5 km på 2 kg matavfall.

Tips for å unngå matsvinn

Lukt og smak før du kastar produktet. Best før betyr ofte god etter. 

Engasjer barna til å vere med å lage middag ein gang i veka. På denne måten får dei eit heilt anna forhold til det dei et og kvar maten kjem frå. Dette skapar ei bevisstgjering om å ikkje kaste mat unødvendig.

Restefest! Kombiner spennande og varierte reste-ingrediensar og lag ein gryterett eller ein god bakst. Kva med stekt ris og ananas eller mini tacos? Spennande restemat oppskrifter finner du her: Matprat - restemat.

Lag ein middagskalender, der du planlegger innkjøp til middag ei veke om gangen. Dette gjer at ein ofte kan bruke av dei same ingrediensane til fleire middager og at ein ikkje kjøpar med seg mykje unødvendig.

For andre nyttige tips ta ein titt på Matvett sine sider: Matvett.no