Plast forureining i naturen
Plast forureining i naturen

Fleire hensyn å ta

Når plastsekken ligg trygt i papirdunken, unngår vi at denne med innhald hamnar på avvege i natur og blant dyra sitt levebrød.

Like så tek vi hensyn til helse og sikkerheit til sjåførane våre og miljøet rundt, då våre bilar er bemanna av ein sjåfør. Det er lite forsvarlig å forlate førerhuset på tunge transportkjøretøy på dagar med dårlig føre og sikt og spesielt i områder med born. Det er heller ikkje bra for kne og hofter på sjåføren dersom opp mot 750 behaldarar har ein eller fleire plastsekkar ved sidan av.  Det er vi pliktige til å tenke på.

Redusert hentefrekvens er bevist å vere eit nyttig verkemiddel for å stimulere til reduserte avfallsmengder, ved at forbrukaren får eit meir bevisst forhold til avfallet sitt.

Det er også eit verkemiddel for å halde gebyrkostnadar nede. VØR har til forskjell frå andre renovasjonsselskap ein sidelastar i staden for baklastar. Denne har ein robotarm som plukkar opp og tømmer dunkane. Dette krev berre ein sjåfør, som held kostnadane nede, og igjen gir rimelegare renovasjonsgebyr. Vi er då avhengig av at abonnenten gjer sin plikt ved å skaffe seg ein behaldar til sitt behov og har plastsekken opp i papirdunken. Mengder utover det som går i behaldaren må leverast på miljøstasjonen.

Plastsamfunn
Vi lev i eit plastsamfunn

Plasten kan vere ei stor utfordring

Vi er særs stolte over innbyggjararne våre som kjeldesorterer så mykje plast og dette vil som ein konsekvens ta sin plass i dunken. Det er ikkje utan grunn at vi i dag lev i det som kan kallast eit plastsamfunn. Plasten er overalt og er vanskelig å unngå! 

Den aukande trenden med netthandel står for ein god part av mengda innsamla plastemballasje og papp. Ikkje berre tek denne trenden stor plass i den blå dunken, men den er også ei utfordring for lokale butikkar som ynskjer å satse på lokal verdiskaping og som leverer produkta sine med mindre bruk av plastemballasje.

Heldigvis, så har vi som forbrukarar makt til å påverke dei som sel unødvendig emballasje og vi ser ei trend der stadig fleire butikkar og leverandørar "slankar" og reduserer bruken av plastemballasje og anna unødvendig emballasje rundt produkta sine. Dette er godt nytt!

Vi som forbrukarar har og eit ansvar for mengdene avfall vi produserer i kvardagen. Ved å kjeldesortere avfallet vårt sørger vi for å bruke opp att verdifulle ressursar, samtidig som vi reduserer presset på dei avgrensa naturressursane våre. Men før kjeldesortering er det mest milljøvennlige tiltaket kvar enkelt kan gjere i heimen, å redusere mengdene med avfall og emballasje etter beste evne. FN har anslått at dersom alle på jordkloda skulle hatt same forbruk som ein gjennomsnittleg nordmann, så måtte vi hatt 3,4 jordklodar for å dekke behovet!

Tips og råd til all plasten og pappen

Om du er ein av dei som slit med kapasiteten i papirdunken så kan du gjerne ta ein titt på desse råda:

  • Få ein storleik større papirdunk enn restavfallsdunk. Dette kan du bestille kostnadsfritt via Min Renovasjon appen eller ved å sende oss ein mail på bestilling@vor.no.
  • Press saman plastemballasje sekken før du puttar denne opp i papir dunken på hentedag (gjerne sett deg på den eller gi den ein god klem).
  • Komprimer og press saman papp. Større mengder papp frå nyinnkjøpte møblar og større elektronikk varer er ikkje meint å ha i papirdunken. Det er betre å levere denne gratis på miljøstasjonen i Hovdebygda.
  • Reserver deg mot unødvendig reklame i posten. Du kan lage ditt eige merke eller laste ned lapp frå posten. Reklamer har eit negativt miljøavtrykk og er ei kjelde til kjøpepress.
  • Skyll,  brett og stapp seks drikkekartongar i den sjuande og få ein sjanse til å vinne 100 000 i Returkartonglotteriet. Du kan også brette ein og ein kartong og slik vere med i trekninga om 10 000 kr. Hugs å skriv på namn og nummer på kartong!
  • Unngå unødvendig plastemballasje frå butikkar,  ta med eigen handlepose til frukt, grønt og matvarer. Pose til frukt og grønt kan du kjøpe mellom anna i lokale helsekostforretningar. Handlenett i stoff kan du få hjå oss.
  • Last ned smarte apper som gir deg varsel om tilbod på varer og betre planlegging av innkjøp i kvardagen.  Eit eksempel er tilbodsappen mattilbud.com eller planleggingsappen Wunderlist, der ein kan planlegge og skrive handleliste, og deretter krysser av etter ein har kjøpt det ein treng. Slike apper kan bidra til mindre impulskjøp og føre til mindre matsvinn og emballasje.
  • Lever så mykje plastemballasje og papp du vil, gratis på Miljøstasjonen (om du har plass til lagring, gjerne spar opp mengder, så du kan levere alt på ein gong).

 

Vi takkar for den kollektive dugnaden mot ei meir berekraftig framtid!