Vi beklager å måtte utsette innsamlingsaksjonen av farleg avfall på bygdene denne våren. På grunn av korona og slik situasjonen er i dag må personalet vårt prioritere andre oppgåver framover.

Om raude boksen er full kan ein tømme denne gratis på miljøstasjonen både i Hovdebygda og på Grodås.

 

Ikkje kast farleg avfall i bygderydding containarane

Vi ber samtidig om at farleg avfall ikkje blir kasta i bygderydding containarane som er satt ut. Dette er eit tilbod vi og Retura Søre Sunnmøre AS kan halde fram med, så lenge avfallet blir sortert riktig. Feilsortering utsett vårt personale for helsefare, då dei blir utsatt for miljøgifter og gassar som ikkje skal vere i containaren. Det gir også store unødvendige kostnadar, då dei må bruke lang tid på å ettersortere avfallet som kjem inn på stasjonen.  

Farleg avfall i container

Mykje batterier, lyspærer og drivstoff som ikkje er tappa av utstyr møter våre tilsette frå nokon av bygdecontainarane. Dette er farleg avfall som høyrer heime i raud boks

Bygderydding er eit tilbod vi har hatt i mange år og er noko vi trur dei fleste bygdene sett stor pris på! Ver derfor ein lagspelar og sorter avfallet ditt riktig, slik at vi ikkje blir nødt til å fjerne tilbodet frå bygda di!

Takk for forståinga.