Ikkje- brennbart restavfall er avfall som ein ikkje kan material- eller energigjenvinne. Dette er avfall som i dag blir lagt på deponi. 

På miljøstasjonen skil vi mellom ikkje-brennbart restavfall forureina  og ikkje-brennbart restavfall reint 

Ikkje-brennbart restavfall som er forureina er avfall som består av fleire material, som til dømes betong med armering og fliser med lim eller fugemasse.

Ikkje-brennbart restavfall

(reint)

Ikkje-brennbart restavfall

(forureina)

Keramikk (potter, fliser, koppar,skåler)

Fliser med lim og fugerestar

Porselen (toalett, vask, pyntegjenstandar, koppar og tallerknar)

Betong med armering

Spegel (bilspegel, baderomspegel)

Mala betong

Glas (eldfaste former, drikkeglas, akvarium, vaser)

Stein med jord

Lecablokker

Betong- og sementrestar

Fliser

 

Teglstein, takstein

 

Stein (pyntesteinar, grus, steinheller)