Kun rein emballasjeplast

Med emballasjeplast meinast pakning som er rundt produkt.  Hardplast (eks: bøtter, leiker, utstyr) og isopor skal ikkje sorterast som emballasjeplast, men kan leverast på miljøstasjonen eller plasserast i restavfallsdunken om du har små mengder.

Når du leverer rein og tørr emballasjeplast til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer. 

Emballasjeplasten må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.

Emballasjeplasten blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til emballasjeplast èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar. Bruk ikkje andre sekkar til emballasjeplast enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn emballasjeplast.

Kva kan eg sortere som emballasjeplast?

JA TAKK

NEI TAKK

Plastfolie Hagemøbler (restavfall)
Sjampoflasker Leiker av plast (restavfall)
Ostepakkar Bøtter (restavfall)
Rømmebeger Hageslangar (restavfall)
Bæreposar Skiten plast (restavfall)
Vaskemiddelflasker Kulepennar (restavfall)
Kaffiposar (utan aluminiumsbelegg) Tome oljekanner (restavfall)
Blomsterpotte i plast Isopor (restavfall eller Miljøstasjon)
Suppeposar (utan aluminiumsbelegg) Tome malingsspann (restavfall)
Potetgullposar (utan aluminiumsbelegg) Vedsekkar (restavfall)
Plastposar Strappeband (restavfall)
Påleggemballasje Presenningar (restavfall)
Yoghurtbeger Badebasseng (restavfall)
  Pillebrett (restavfall)
  Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall)

Kva skjer med emballasjeplasten?

Etter at vi har tømt papirdunken din med emballasjeplast-sekken opp i, blir sekkane komprimert i bilen og manuelt sortert etter tømming på miljøstasjonen. Før 2018 vart emballasjeplasten vår sendt av Grønt Punkt Norge til plastsorteringsanlegg i Tyskland. Dette er fordi Noreg tidlegare ikkje har hatt eigne anlegg. Plasten vart då sendt med returtransport som er lastebilar eller tog som elles ville gått tomme tilbake. I dag er det planlagt fleire plastsorteringsanlegg i Noreg. Eit av verdas mest moderne plastgjenvinningsanlegg har allereie starta å gjenvinne emballasjeplasten frå innbyggjarane i Stavanger området. Medan fleire anlegg er under planlegging og oppbygging, har emballasjeplasten samla inn på Sunnmøre enn så lenge blitt sendt til Sverige til Swerec. I plastsorteringsanlegg blir emballasjeplasten mata inn på store transportband, der eigne kvernemaskiner opnar sekkane med emballasjeplast. Deretter vert emballasjeplasten sortert etter ulike typar plast og ynskt avfallstypar blir sortert ut. I plastgjenvinningsanlegget blir plasten deretter vaska, smelta og granulert (gjort om til små pellets), og selt til råvareprodusentar som lagar nye plastprodukt av den resirkulerte plasten.

plastgranulat
Resirkulert plast blir til ny råvare

Kva er miljø- og klimagevinsten?

Plast er eit fantastisk materiale som vi er heilt avhengige av, men også eit av vår tids største miljøproblem. Dagens samfunn er kjenneteikna av eit overforbruk av plast. Dette skapar eit stort problem når den hamnar på avvege i naturen og sidan "jomfrueleg plast" som er olje-basert, ikkje er ein fornybar ressurs.

Prognosar viser ei tredobling av global plastbruk innan 2050 og dette vil utan tvil legge press på verdas oljeressursar. Ved å gjenvinne ein kilo emballasjeplast sparar vi to kilo råolje, olje som har tatt 100 millionar år å lage, og som må fraktast opp frå hav- og jordbotn, før det blir prosessert. Forbrenningsanlegga vil heller ikkje ha plast i anlegget, då dette aukar CO2 utslepp. Vi sparer dermed ein avgrensa ressurs og reduserer utslepp ved å sortere emballasjeplasten vår.

Takk for innsatsen!