Kun emballasje frå glas og metall

Emballasje frå glas og metall skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl emballasjen frå glaset og metallet i kaldt vatn. 

Merk at det berre er emballasje frå glas og metall som skal i den gule behaldaren. Sjå under loket kva type glas og metall som er emballasje. Emballasje frå glas og metall skal leggast laust ned i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Emballasje frå glas og metall blir samla inn kvar 13. veke hjå abonnentane. Har du ikkje eigen behaldar for emballasje frå glas og metall? Det kan du bestille her.

Kva kan eg sortere som emballasje frå glas og metall?

Ja

Glasflasker
Kosmetikkglas
Vin- og spritflasker
Hermetikkboksar
Metallok og -korker
Telyshaldar metall
Syltetøyglas
Aluminiumsfolie/former
 
 

Nei

Eldfaste former (restavfall)
Spikar (metall)
Drikkeglas (restavfall)
Porselen (restavfall)
Keramikk (restavfall)
Telyshaldar plast (restavfall)
Steikepanner (metall)
Vindaugsglas (restavfall)
Gryter (metall)
 
Gjenvinningsprosessen av glasemballasje

Kva skjer med emballasjen frå glas og metall?

Emballasjen frå glas og metall blir levert til Sirkel AS i Fredrikstad for finsortering. Emballasje frå glas og metall blir sortert kvart for seg, og magnetar plukkar ut aluminium og stål som blir sendt vidare til metallgjenvinning. Emballasjen frå metall blir smelta om til nye råvarer og selt til produsentar. Emballasjen frå glas blir knust og sortert etter farge. Glaset kan bli til ny emballasje til glas og blir også brukt til å lage bl.a. isolasjon og glasbetong.

 

 

Gjenvinning av metallemballasje
Både metallemballasje og glasemballasje kan bli til noko nytt!

Kva er miljø- og klimagevinsten?

Både emballasje frå glas og metall blir til noko nytt. Emballasje frå glas kan gjenvinnast i det uendelege. Utvinning av naturressursar til metallemballasje er særs ressurskrevjande og vi vinner på å utnytte ressursane våre fleire gongar. Emballasje frå metall er noko av det lettaste å gjenvinne og er særs energisparande samanlikna med å utvinne nytt metall. Når ein til dømes gjenvinner aluminium, treng ein kunn 5% av energien det tek å utvinne nytt aluminium. Eit døme er at ein gjenvunnen makrell i tomatboks sparar like mykje energi som det tek å tv-en på i 3 timar! På denne måten unngår vi energisløsing, samtidig som vi sparar klimaet for CO2 utslepp. Omlag 75% av all aluminium som nokon gong har blitt produsert, er framleis i kretsløp i dag.

 

Takk for innsatsen!