Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. Elektrisk avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen.

Hos forhandlar
Elektrisk avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Leiker med batteri

Bilbatteri (farleg avfall)

Lamper

Bildelar (metall)

CD-spelar

CD/DVD (restavfall)

Klokke

Gassgrill (metall)

Hårfønar

Spraybokser (farleg avfall)

Mobiltelefon

Varmtvasstank (metall)

Datautstyr

Toner og blekk (farleg avfall)

Røykvarslar

Sparepærer (farleg avfall)

Kjøkenmaskin

Lysrør (farleg avfall)

Kjøleskap

Termometer kvikksølv (farleg avfall)

Frysar

 

Steikeomn

 

Mikrobølgeomn

 

Oppvaskmaskin

 

Vaskemaskin

 

Tørketrommel

 

Varmeomn

 

Varmepumpe

 

Blinkesko