Har du lyst til å utvikle gode, rasjonelle og miljørette tenester for innbyggarane i Volda og Ørsta?
Vi søkjer ein kunnskapsrik og engasjert person som kan sikre stabil og god drift, samstundes som du jaktar på smarte og heilskaplege løysingar som gir mykje miljøeffekt for innsatsen. Stillinga er nyoppretta og inngår i leiargruppa i VØR.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
- Organisere og administrere VØR si daglege operative drift i lag med to koordinatorar for innsamling og miljøstasjon.
- Følgje opp og inspirere det operative mannskapet.
- Økonomioppfølging for sin del av tenesteområdet.
- Logistikkoppgåver, som til dømes å syte for gode og rasjonelle transportløysingar både inn og ut av anlegga våre.
- Stadig vere på leit etter forbetringar innan tenester, avsetnad og arbeidsmåtar. For begge anlegga er her planar for utvikling og oppgradering, og driftsleiar får ei sentral rolle i dette.
- Syte for stabile og langsiktige løysingar for bil- og maskinparken vår, samt følgje opp bygg- og anleggsdrifta. Brannførebyggande arbeid er ein sjølvsagt del av kvardagen.
- Delta i dagleg bruk og utvikling av internkontroll-systemet vårt, saman med dei andre tilsette. Ansvar for at rutiner og prosedyrer knytt til tenesteområdet er relevante og i dagleg bruk. Oppfølging av gjeldande driftsløyve for dei to anlegga.
Desse kvalifikasjonane ser vi etter:
- Høgare utdanning innan drifts- eller transportrelaterte fag. Har du miljørelaterte fag eller økonomifag er det også verdifullt. Relevant leiarerfaring kan i nokon grad kompensere for mindre utdanning.
- Relevant bransjeerfaring vert lagt vekt på og vil kunne vege mykje.
- Erfaring med personaloppfølging og med bruk av kvalitetssystem.
- Erfaring frå brannvernarbeid vil telje positivt.
- God nynorsk framstillingsevne (skriftleg) og kan kommunisere på engelsk.
- Gode datakunnskapar og fortruleg med bruk av digitale verktøy og Microsoft Office.
I tillegg ynskjer vi at du:
- Er målretta, strukturert og har gode samarbeidsevner. Har vilje til å ta tak der det trengs, når det trengs.
- Har engasjement, evne til relasjonsbygging og evne til å løyse utfordringar. Er tydeleg og kan ta avgjerder.
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar.
- Syner respekt for kollegaer og kunder. Har ein høg lojalitet til VØR sitt samfunnsoppdrag.
- Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar.
Vi tilbyr:
- Ei sentral og spennande rolle i utviklinga av viktige tenester for innbyggjarane
- Arbeid innan eit fagfelt i sterk utvikling og som har stort fokus i samfunnet.
- Eit godt og stødig arbeidsmiljø.
- Regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling.
- God pensjonsordning i KLP.
- Kurs og kompetanseheving.
- Nettverk og samarbeid med andre selskap i regionen og over heile landet.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Hans Peter Eidseflot, tlf 90 85 36 34.
Søknad med CV sendast til hans.peter@vor.no innan 4.desember og merkast med «Søknad på stilling». Det er avsett tid til intervju 7. og 11.desember.