VØR tek over renovasjontenester for NOMIL frå 01.01.2020

Frå 01.01.2020, slår Volda og Hornindal kommunar seg saman. Dette betyr at frå nyåret er det Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) som har ansvar for renovasjonstenestene til innbyggjarane i Hornindal. Miljøstasjonen i Hornindal held ope siste gang i Nomilregi den 17 desember, og VØR har ansvaret for første opne dag den 7 januar. Kontor og miljøstasjonen til VØR ligg praktisk plassert i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda sentrum. Miljøstasjonen i Hovdebygda opnar 2. januar etter juleferien og innbyggjarane i Hornindal kan då nytte seg av denne. Opningstider finn du her.

Bildetekst kommer her.

Om VØR

VØR driv med innsamling, sortering og vidaresending av avfall og kloakkslam for privatpersonar og næringsliv i eigarkommunane Volda og Ørsta. Alle aktivitetene våre er konsesjonsregulert. Det betyr at alt vi gjer, frå rutinar omkring avfallshandtering til opningstider, følgjer vilkåra frå Statens Forureiningstilsyn og Fylkesmannen i Møre Romsdal.

VØR si drift er delt i to selskap. VØR tek seg av monopoloppgåvene etter forureiningslova slik som innsamling og vidaresending av hushaldningsavfall og slam. VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS, leverer avfallstenester til næringslivet.

På VØR er vi opptatt av å inspirere til gjennvinning og kjeldesortering. Derfor har vi gjort ei rekke tiltak som gjer det enklare for brukarane våre å bidra til ei berekraftig avfallshandtering:

  • Miljøstasjonen i Hovdebygda har fleksible opningstider med langope på tysdagar heile året og helgeope på laurdagar i sommarhalvåret.
  • Metall, glas- og metallemballasje, papp, papir, plastemballasje, hageavfall, elektrisk / elektronisk avfall og farleg avfall frå private hushaldningar er gratis å levere.
  • For fritidshus/hytteeigarar er det plassert ut felles containerar på ulike stader i kommunane. Sjå oversikt her. 
  • Eit vennleg og løysingsorientert kundesenter som svarer på alt du måtte lure på.

Kvar finn eg informasjon?

Før jul, vil innbyggjarane i Hornindal få tilsendt eit brev frå oss med informasjon, brosjyre, sorteringsguide og ny tømekalender for 2020.

Som ny abonnent hos oss, kan det vere greitt å gjere seg kjent med våre renovasjonstenester og tilbod. Då kan du laste ned vår brosjyre for nye abonnentar.

På nettsida vår kan de finne gebyroversiktsorteringsguidetømekalenderbestille innsamlingsutstyr (posar og sekkar til matavfall og plastemballasje) m.m. Vi legg stadig ut oppdatert informasjon på nettsida vår vor.no. Gjerne følg oss på Facebook (Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS), der kan du få med deg lure sorteringstips- og råd, samt nyhender. 

Brosjyre- nye abonnentar (innside)

Kva må eg vite?

VØR har same kjeldesorteringsordningane som NOMIL.

I tillegg har VØR sine abonnentar eigen raud boks til farleg avfall. VØR har kjøpt avfallsbehaldarar av NOMIL og derfor kan abonnentar i Hornindal fortsette å bruke behaldarane dei har i dag. VØR sine abonnentar har:

  • Eigen behaldar for glas- og metallemballasje. Hentefrekvens er kvar 13.veke.
  • Eigen behaldar for matavfall. Hentefrekvens er kvar 2.veke.
  • Eigen behaldar for restavfall. Hentefrekvens er kvar 4.veke
  • Eigen behaldar for papir og papp + eigen sekk til plastemballasje som skal leggast opp i papirbehaldar på hentedag. Hentefrekvens er kvar 4.veke (Alle våre abonnentar kan kostnadfritt bestille seg ein storleik større papirbehaldar enn restavfallsbehaldar). Denne ordninga kan du lese meir om her.
  • Eigen raud boks for farleg- og småelektrisk avfall. Denne kan du tømme sjølv på miljøstasjonen når den er full. Vi har også årleg to innsamlingsaksjonar på bygdene, ein på hausten og ein på våren. Raud boks vil bli utlevert til abonnentane i Hornindal over nyttår.

Miljøstasjonen i Hornindal

  • Drift vil gå som vanleg
  • Opningstider er tysdag 15.00-17.00. Siste tysdag i månaden 15.00-18.00
  • Mottak for restavfall, metall og farleg avfall. Anna avfall må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda.

Miljøstasjonen i Hovdebygda

  • Oversikt over opningstider og prisliste over kva du kan levere på miljøstasjonen i Hovdebygda finn du her.

Min Renovasjon appen

  • Abonnentar av VØR nyttar seg av Min Renovasjon appen. Denne gir varsling om henting av avfall, tømekalender og sorteringsguide, m.m. Vi anbefalar alle å laste ned denne appen. Informasjon om korleis laste ned og korleis appen fungerar finn du her.

Renovasjonsforskrifter

  • Renovasjonstenestene til VØR er regulert og styrt etter renovasjonsforskrifter vedteke av eigarkommunane. Forskriftene beskriv pliktar og krav til både abonnenten og VØR. Vi oppmodar nye abonnentar til å gjere seg kjent med sine plikter. Meir om gjeldande renovasjonsforskrifter for Volda og Ørsta kommuner kan du lese om her.