Prosedyre og plan for å hindre smittespreiing av COVID-19 hjå VØR

1 Formål

Prosedyren skal sikre eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette i VØR, med hensikt om å hindre spreiing av smitte.

2 Omfang

Prosedyren er relevant for alle tilsette og besøkande.

3 Beskriving

Rutina er utarbeida med utgangspunkt i tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI).

 

Dei grunnleggande smitteverntiltaka som FHI operera med er:

  1. Sjuke personar skal halde seg heime
  2. God hand- og hostehygiene, og forsterka reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak

 

Personar som kan vere fysisk til stades på VØR (gjeld både tilsette og kundar)

  • Personar som ikkje har symptom på sjukdom
  • Tilsette, kundar og andre som har gjennomgått luftvegsinfeksjon, så lenge dei har vore symptomsfri i minst eitt døgn.
  • Ved gjennomgått covid-19 gjeld eigne råd for når isolasjon kan opphevast, som blir gitt av helsetenesta og www.fhi.no.

 

Personar som ikkje kan vere fysisk til stades på VØR

  • Personar som har symptom på luftvegsinfeksjon, sjølv ved milde symptom.
  • Personar som er i karantene og isolasjon. Dette må kommuniserast til tilsette, besøkande, kundar og andre.
  • Det er gitt eigne råd for unntak frå karantene med grunnlag i samfunnskritiske oppgåver. Dette kan bli aktuelt ved smitte eller karantene av sjåførar.

Ved oppstått sjukdom når ein er på arbeidsplassen

  • Tilsette som blir sjuke medan dei er på arbeid må reise heim så snart det er mogleg. Sjuke personar som må hentast av andre, må vente på eit eige rom eller ute der det ikkje er andre. Sjuke personar bør ikkje ta offentleg transport.
  • Om ein kjenner seg sjuk må ein så godt det let seg gjere dekke til munn og nase før ein forlet VØR.
  • I etterkant skal ein reingjere rommet eller bilen den tilsette har nytta, toalett og andre områder der den sjuke har opphalde seg. Vanlege reingjeringsmiddel kan nyttast.

 

God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald

Gode hostevanar og god handhygiene reduserar smitte ved alle luftveisinfeksjonar, også smitte av koronavirus i følgje FHI. Informasjonsplakatar bør hengast opp på relevante stedar som ved inngang til administrasjon, fellesrom/kantina, møterom, miljøstasjonen, vekta og på alle toalett for å bevisstgjere tilsette om smittevernråd.

  • FHI anbefalar handvask med såpe og vatn etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, før ein lagar mat, før og etter måltid og elles ved synleg skitne hender. Alkoholbaserte desinfeksjonsmiddel/handsprit verkar mot koronavirus og er eit alternativ om ein ikkje har vask tilgjengeleg.
  • Handvask eller hand-desinfeksjon bør være tilgjengeleg ved inngangsparti, i kantina, i vekta og på miljøstasjonen.
  • FHI anbefalar å ha tørkepapir og moglegheit for handvask/ hand-desinfeksjon lett tilgjengeleg til bruk for tilsette som hostar eller nys.
  • Toalett og vaskar, handtak og andre punkt som blir tatt på ofte av mange bør bli reingjort ofte. Etanolbasert desinfeksjon kan brukast på elles reine flater (slik som handtak, tastatur, ratt, telefonar og liknande) Elles så blir det anbefalt at ein har  elles god reingjering med vanlege reingjeringsmiddel.
  • Ein bør vurdere fortløpande å bruke faste arbeidsplassar så langt det let seg gjere, og i tillegg ha god reinhald av arbeidsplassane. Ved deling av arbeidsplass bør arbeidsflaten rengjerast mellom kvar brukar. Dette gjeld f.eks stemplingsmaskina.

Avgrense kontakt mellom tilsette

Kontaktreduserande tiltak for å hindre smittespreiing er viktig i alle situasjonar og må tenkast på i alle møter mellom tilsette, og mellom tilsette og kundar/besøkande. Så langt det er mogleg bør det haldast minst éin meter avstand mellom personar gjennom heile arbeidsdagen.  I følgje FHI skal VØR sjølve vurdere kor mange som kan vere til stades avhengig av arealet som er tilgjengeleg.

Avstanden må haldast både på kontora, ved kopimaskina, i vekta, på bilane, miljøstasjonen, kantina, osv.

VØR må forberede seg på at tilsette kan bli langvarig borte frå jobb ved mistanke om sjukdom eller bekrefta sjukdom, eller at ein blir satt i karantene i 10 dagar etter nærkontakt med personar som er smitta. VØR som er avhengig av kontinuitet i drifta (kritisk funksjon i samfunnet) må fortløpande vurdere å etablere faste arbeidslag eller grupper med tilsette som er på arbeidsplassen, for å unngå at alle tilsette kan bli utsatt for smitte eller hamne i karantene samtidig. Arbeidstakarar kan bli delt i lag, f.eks ved at ein i administrasjonen bytar på å ha heimekontor og vere fysisk til stades på kontoret.  

 

Tiltak etter farenivå

VØR vel å definere farenivåa i grønt, gult og raudt slik som FHI og regjeringa har gjort. Ut i frå dei ulike farenivåa må ein ha ulike tiltak. Vi forheld oss til smittevernlegane i Ørsta og Volda med tanke på kva nivå vi er på til ei kvar tid. Om vi er usikre så tek vi direkte kontakt med smittevernlegane.

 

 

Grønt farenivå – lite eller ingen smittespredning i samfunnet

 

Kundar

Tilsette

Bilane

Kundar har ikkje tilgang til å sitje på i bilen. Ein kan ha med passasjerar om dette er avtalt.

Hald i størst mogleg grad ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene, og vask over punkt som blir ofte nytta med jamne mellomrom.

Skift arbeidshanskar ofte.

Miljøstasjonen

Kundar kan nytte miljøstasjonen som vanleg. Vi treng ikkje sluse inn folk.

Hald i størst mogleg grad ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene, og vask over punkt som blir ofte nytta med jamne mellomrom.

Vekta

Kundar kan nytte alle betalingsformer, og vi slusar ikkje inn folk.

Det er høve til besøk inne i vekta om ein held ein meter avstand. Hald i størst mogleg grad ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene, og vask over punkt som blir ofte nytta med jamne mellomrom.

Kantina

Kundar har ikkje tilgang til å nytte kantina.

Hald i størst mogleg grad ein meter avstand andre tilsette.

Ha god handhygiene, og vask over punkt som blir ofte nytta med jamne mellomrom.

Ein skal ikkje nytte arbeidskle i kantina.

Kontora/ adm.bygget

Kundar kan besøke oss på kontora, men hald avstand om det er mogleg.

Hald i størst mogleg grad ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene, og vask over punkt som blir ofte nytta med jamne mellomrom.

Møterommet

Kundar kan besøke oss og ha møte med oss på møterommet. Men vi må halde oss til retningslinjene til FHI på ei maks antall på maks

personar.

Vi kan ha møte på møterommet med ein maks antall på 20 personar inne samtidig. Hald ein meter avstand så godt det let seg gjere.

Oppmøtestad og stempling

Ikkje relevant

Oppmøte som vanleg og stempling på maskina oppe i adminastrasjonen eller nede ved trappa.

Gult farenivå – moderat smittespredning i samfunnet stk.

 

Kundar

Tilsette

Bilane

Kundar har ikkje tilgang til å sitje på i bilen. Ein kan ha med passasjerar om dette heilt nødvendig.

Hald minst ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst ein gong per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg i bilen.

Miljøstasjonen

Kundar kan nytte miljøstasjonen, men vi slusar inn folk. Vi set eit maks antall 5 stk kundar/bilar inne på miljøstasjonen og det same for hageavfallet.

Handsprit skal vere tilgjengeleg for kundar.

Hald minst ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Nytt hanskar og ha god handhygiene. Desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst ein gong per dag. Handsprit skal stå tilgjengeleg for tilsette.

Vekta

Kundar kan nytte alle betalingsformer, men oppmode om å ikkje nytte kontantar.  Vi slusar inn kundane (maks 5 inne på miljøstasjonen i gongen og maks 5 ved hagavfallet).  

Ein skal ikkje ha besøk i vekta utanom det er heilt nødvendig. Ein skal då halde minst ein meter avstand.

Ein må desinfisere terminal og andre flater som er berørt mellom kvar kunde.

Kantina

Kundar har ikkje tilgang til å nytte kantina.

Ein bør ta vekk ein del stolar i kantina slik at det ikkje er mogleg å sitje med mindre ein ein meter frå kvarandre.

Ein må desinfisere og vaske over overflater og kontaktpunkt kvar dag.

Kontora/adm.bygget

Kundar kan besøke oss, men då ute i resepsjonsområdet. Om kundar må inn på eit kontor bør ein vaske over flater som kunden har tatt på.

Hald minst ein meter avstand til kundar og andre tilsette.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst ein gong per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg.

Møterommet

Kundar kan kome på møte på møterommet, men med ein avstand på minst ein meter.

Vi kan ha møte på møterommet, men alle må ha ein avstand på minst 1 meter. Maks antall personar 20 stk, men her må vi følgje reglane til FHI fortløpande. 

 

 

Oppmøte/stempling

Ikkje relevant

Tilsette som har stempling på eiga maskin nyttar denne. Oppmøte som vanleg i Hovdebygda. Oppmode folk om å ikkje møte før rett før arbeidsdagen startar. Ved stempling bør ein desinfisere mellom kvar tilsett.

Raudt farenivå – høg smittespreiing i samfunnet

 

Kundar

Tilsette

Bilane

Kundar har ikkje tilgang til å sitje på i bilen. Det er kun høve med passasjer på baklastar (lempis)

Hald 2 meter avstand til andre tilsette og kundar.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst to gongar per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg i bilen.

Brukte arbeidshanskar skal ikkje takast med inn i bilen, og ein skal nytte reine arbeidskle for kvar dag.

Miljøstasjonen

Kundar kan nytte miljøstasjonen, men vi slusar inn folk. Vi set eit maks antall 5 stk kundar/bilar inne på miljøstasjonen og det same for hageavfallet.

Handsprit skal vere tilgjengeleg for kundar.

Miljøstasjonen kan bli heilt stengt for kundar.

Hald 2 meter avstand til andre tilsette og kundar.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst to gongar per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg.

Brukte arbeidshanskar skal ein kaste etterkvart (unntak for FA-hanskar), og ein skal nytte reine arbeidskle for kvar dag.

Ein må vurdere om ein skal stenge miljøstasjonen ut i frå smitte i eigne kommunar.

 

 

Vekta

Kundar har ikkje høve til å betale med kontantar. Ein må desinfisere terminal og andre flater som er berørt mellom kvar kunde.

Hald 2 meter avstand til andre tilsette og kundar. Det er ikkje høve til å ha fleire personar inne i vekta anna enn ved vaktskifte. Eit slikt skifte bør helst skje med at ein går ut før den andre går inn. Ein må desinisere alt ved kontorpulten ved skifte av personell midt på dag.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst to gongar per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg.

Ein må vurdere om ein skal stenge miljøstasjonen ut i frå smitte i eigne kommunar.

Kantina

Kantina stengt for alle.

Kantina blir stengt for alle

Kontora/adm.bygget

Kontoret/administrasjonsbygget stengt for kundar.

Hald 2 meter avstand til andre tilsette og besøkande.

Ha god handhygiene og desinfiser punkt som blir ofte tatt på minst to gongar per dag. Handsprit/desinfeksjon skal vere tilgjengeleg.

 

Møterommet

Møteromet stengt for møter. Møter må bli tatt over teams.

Møteromet stengt for møter. Møter må bli tatt over teams.

Oppmøte/stempling

Ikkje relevant

Ein bør dele administrasjonen i 2, der ein del har heimekontor og den andre delen er fysisk på plass i Hovdebygda.

Ikkje stempling for dei tilsette som må stemple på felles maskin. Oppmøte direkte i vekta, miljøstasjonen, bilane eller hjullastar. Papir som skal med på rute eller liknande blir lagt i bilen dagen før av administrasjonen eller driftsleiar.