BYGDERYDDING

Bygderyddinga er eit samarbeid vi har hatt med dei ulike grendelaga i over 20 år. Ved bygderydding sett Retura ut ein konteiner for elektrisk avfall/kvitevarer og ein konteiner for skrapjern/metall i kvar bygd etter tur. Desse står tilgjengeleg ei veke og blir bytta etter kvart som dei blir fulle. Ved behov for bytte tek ein kontakt med Retura.

VIKTIG MED RIKTIG SORTERING!

Dette året vil vi ha eit større fokus på å unngå feilsortering i konteinarane som står ute på bygdene. Feilsortering i konteinarane med til dømes grovavfall, farleg avfall, og anna rusk fører til høge kostnadar og farlege situasjonar for sjåfør og tilsette, som skal transportere og sortere avfallet når det kjem inn på anlegget. Vi minner om viktigheita av å ha eit godt lagspel i alle bygder, slik at vi kan halde fram med å tilby ei ordning som har fungert godt i mange år! Ved grov feilsortering, risikerer bygda å miste tilbodet sitt om bygderydding!

KVA KAN DU LEVERE I KONTEINARANE?

I konteineren for metall kan du levere:

I konteiner for elektrisk avfall kan du levere:

  • Skrapjern av utstyr og maskiner.
  • Gjenstandar av metall som til dømes: Kassaroller, steikepanner, bestikk,  reiskap ,postkasser osv.
  • Plenklipparar (hugs å tappe av olje og drivstoff!).
  • Syklar og bildelar
  • Tomme målingsspann.
  • Kvitevarer som til dømes: frysar, kjøleskap og steikeomn.
  • Større elektronikk som til dømes: Fjernsyn, støvsugar og lampar (hugs å fjerne lyspærer!)
  • Småelektronikk som til dømes: vasskokar, brødristar og fjernkontroll (hugs å fjerne batteri!).

Vis omsyn til sambygdingar og våre tilsette ved å plassere varene forsiktig og ryddig i konteiner, slik at desse ikkje knuser og tek opp unødig plass!

OBS!! Lyspærer, lysrøyr og batteri skal ikkje i konteinarane!

Kvar vår etter bygderydding køyrer vi ei runde med grovavfallinnsamling på bygdene.
Kvar vår etter bygderydding køyrer vi ei runde med grovavfallinnsamling på bygdene.

GROVAVFALL INNSAMLING

Kvar vår etter bygderydding, køyrer vi ei runde med baklastar og hentar inn grovavfall heime hjå abonnentar på bygdene. Dette er ei bestillingsordning, der ein må melde seg på ved å ta kontakt med Retura. Baklastaren har ei vekt og ein betalar då ein kilopris for mengder levert, på lik linje som ved levering på miljøstasjonen. Dei som melder seg på får ein dato og tidspunkt, der avfallet må ligge tilgjengeleg og ein representant frå hushaldet må vere heime. 

Hentinga er gratis, men det vert belasta kr 2,50 pr kg (inkl. mva) for avfallet. Dei som er interessert i ei sånn løysing kan kontakte Retura Søre Sunnmøre på tlf.: 70048610 eller pr e-post rss@retura.no. For meir informasjon om denne ordninga kan ein gå inn på nettsida til Retura Søre Sunnmøre.

Avfallet vert henta i slutten av mai/starten av juni

Farleg avfall aksjonane i Ørsta kommune blir avventa til Covid-19 restriksjonane tillet dette.
På grunn av Covid-19 restriksjonar må vi avvente med farleg avfall aksjonar i bygdene i Ørsta kommune

INNSAMLING AV FARLEG AVFALL

Som eit ledd for å unngå at farleg avfall hamnar i konteinarane på bygdene, har VØR i år hatt eit mål og fokus på å få inn farleg avfall på bygdene før bygderydding. Dei næraste bygdane til miljøstasjonen må levere farleg avfall til miljøstasjonen. På grunn av Covid-19 restriksjonar, må vi avventa med aksjonar i Ørsta kommune enn så lenge. Til vanleg vil abonnentar som bur i bygdene med farleg avfall aksjon få ei SMS-varsling omtrent ei veke før vi kjem til aktuell bygd, med møtetidspunkt og plassering. På møtestaden kan ein få tømt raud boks og levere anna farleg avfall og småelektrisk avfall.

Ved farleg avfall aksjon og på miljøstasjonen kan du gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer (dette kan du også levere på butikkar som sel slikt).
  • Sprayboksar (tomme og med innhald) og målingsspann med restar.
  • Bilbatteri og mindre batteri (gjerne samle mindre batteri i eit glas/mindre boks).
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt, løysingsmiddel (må vere emballert).
  • Olje og drivstoff (må vere emballert!).
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileiker, lampar, mobiltelefon, ladarar etc.

Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjonen i Hovdebygda.

 

Treng du henting av større gjenstandar, kan du ta kontakt med Retura Søre Sunnmøre.
Treng du henting av større gjenstandar, kan du ta kontakt med Retura Søre Sunnmøre.

ANNA INFORMASJON

  • Dersom du har større mengder metall, elektrisk og grovavfall, kan det vere ei betre løysing å bestille eigen konteiner. Ta kontakt med Retura Søre Sunnmøre for leige av konteiner.
  • Dersom du er usikker på korleis du skal sortere avfall, kan du ta kontakt med VØR eller Retura Søre Sunnmøre.  Du kan også bruke nettsida sortere.no