Gi opplevingar i staden for ting

Tid er eit knappheitsgode i bornefamiliar sine liv og i adventstida har vi enda fleire ballar i lufta enn resten av året. Samtidig er det tid saman ungane sett mest pris på. Fleire kalendergåver får eit kort liv og hamnar raskt i avfallet. Opplevingar derimot, kan gi minne for livet. 

Det kan vere vanskeleg å komme på 24 gåver som alle skal vere morosame eller nyttige, då kan det vere lettare å finne på 24 morosame aktivitetar ein kan gjere ilag! Denne kalenderen tilbyr eit alternativ som ikkje krev mykje innsats å få til, samtidig som den produserer minst mogleg avfall. Resultatet er ei adventstid fylt av kjærleik og tid saman– inga gåve er betre enn det, både for familien og miljøet.

Her kan du laste ned kalenderen.

adventskalender klipp ut og heng opp
Last ned kalender, klipp ut og heng opp.

Slik tek du i bruk kalenderen

Kalenderen har 24 luker der kvar luke inneheld ein aktivitet familien kan gjere ilag. Lukene kan du printe ut, klippe ut og feste saman med det talet som passar. Det er også nokon blanke luker, slik at du kan bytte ut og legge til aktivitetar som høver dykk.
Kalenderen er veldig fleksibel. Rekkefølgja av aktivitetar bestem dykk. Hugs at det er lurt å legge aktivitetar som krev litt meir tid til helgane. Sjølv om du har valt ei rekkefølgje på aktivitetane kan den enkelt endrast undervegs. Og om det er ein aktivitet som de ikkje får gjort likevel kan de enkelt bytte denne ut med ein ny aktivitet. 
Og det beste, lappane kan gjenbrukast til neste år!

Andre forslag til aktivitetar

  • Piknik i stova
  • Blåse såpeboblar ute (frys til is når det er minusgrader)
  • Ete julekaker
  • Ete julegraut (med belønning til den som finn mandelen)
  • Lage julegåver
  • Lage julekort
  • Kle seg ut
  • Fargelegge juleteikningar (søk på google etter for eksempel «christmas coloring pages»)