Mange flotte bidrag!

«Konkurransen skapte eit stort engasjement, og 37 bidrag med naturbilete kom inn», seier styreleiar i VØR, Anne Ellingsen. Ho fortel vidare at kvaliteten på dei mottekne bileta var svært høg, og at juryen derfor fekk ein vanskeleg jobb når vinnarmotiva skulle veljast ut. Likevel skilde to bilete seg heilt klart ut, og juryen kunne kåre Inger Giskegjerde og Matija Fabijan som vinnarar av konkurransen.

Bilete av vinnarfotografane
Frå venstre: Matija Fabijan og Inger Giskegjerde vant fotokonkurransen.

Glade og overraska

Begge vinnarane var glade og overraska då dei fekk servert bodskapen om at dei hadde vunne fotokonkurransen til VØR. Fabijan som tok bilete av dei kjende vikingskipa i Bjørkedalen, kunne fortelje at dette biletet tok han ein tidleg mai morgon medan han venta på dei perfekte fotoforholda. Giskegjerde gjekk til topps i konkurransen med sitt flotte haustmotiv frå Hovdevatnet. Begge to er glade i å fotografere.

Ei hylling til Sunnmørsnaturen!

Frå før har VØR to nye bilar med lokale naturmotiv på. «Sunnmørsnaturen er vi alle særs stolte av og vi er heldige som får nytte oss av den», seier styreleiar, Anne Ellingsen. «Dekoren på dei nye renovasjonsbilane er ein hyllest til nettopp denne og minner oss om å  ta vare på han og på ressursane han representerer for oss som bur her, for etterkomarane våre og for alle som besøker Volda og Ørsta. Det er også flott reklame for eigarkommunane våre som ønskjer å marknadsføre lokale turisttilbod».

Spesialbil

Den nye renovasjonsbilen skil seg ut frå noverande bilpark til VØR. Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, forklarar at bilen har ein kran som vil bli brukt til å tømme nedgravne anlegg. Den har også spylingsutstyr, slik at den kan vaske dei nedgravne konteinarane etter tømming. I tillegg har bilen ein vinsj som kan brukast til å tømme hyttekontainarar. Den nye renovasjonsbilen blir også å sjå på ruter med vanlege avfallsbehaldarar.

Biletet er av Vikingskipa i Bjørkedalen
Vikingskipa i Bjørkedalen, foto tatt av Matija Fabijan

Vinnarbileta

 

 

Biletet er av Hovdevatnet ein haustdag.
Bilete av Hovdevatnet ein vakker haustdag. Foto tatt av Inger Giskegjerde