Ungdom verda over demonstrerar for klimaet

Mange har sikkert fått med seg denne bølgja som skyl over verda der ungdommars frustrasjon rundt klimaendringane og myndigheiter si manglande handling står i fokus.

Det heile starta med 16 år gamle svenske Greta Thunberg som var bekymra over at for lite vart gjort for å stoppe klimaendringane og redde jordkloda vår. I fjor bestemte Greta seg for å streike for klimaet istaden for å reise på skule kvar fredag. 16 åringen satte seg i staden utanfor det svenske parlamentet, der ho håpte å motivere politikarar til handling.

Greta si streiking har skapt ei klimarørsle som har inspirert elevar verda rundt til å demonstrere for klimaet vårt!

Elevrådet ved Bratteberg skule
Elevrådet ved Bratteberg skule er klar til aksjon!

Handling i staden for streik

Elevrådet ved Bratteberg skule kunne fortelje at klassene deira har sett filmklipp og blitt engasjert av 16 år gamle Greta og hennar engasjement for klimaet. 

Fleire av elevane seier at dei ofte går tur rundt om i Volda, der dei ser avfall som ligg og forsøplar naturen. "Det er mykje tomflasker, snus, røyk og godteriposar som ligg ut i naturen" fortel ein av elevane. Spesielt rundt Årneset og Stadion ser dei dette problemet, men stadfestar at det er forsøpling mange andre stadar i Volda.

6. klasse ved Bratteberg skule ser ofte programmet Planet Plast i naturfagtimane. Her får dei eit innblikk i kva som vert gjort for klimaet og kva plasten som er på avveie gjer med dyr og miljø.

Eit samla elevråd poengterar at det er viktig å rydde naturen for plast og andre ting for å unngå at fisk og andre dyr får dette i seg. "Det ser heller ikkje fint ut", skyt ein av dei inn.

Elevrådet fortel at mange elevar ved skulen ville streike for klimaet, men dei fant fort ut at dei heller ville gjere noko for miljøet gjennom handling.

Fredag går altså 200 elevar frå Bratteberg skule  til aksjon og rydder nærområdet rundt skulen, i Vikebygda, Årneset, Vassbotn og ned mot stadion.

VØR er sjølvsagt med på laget og delte onsdag ut plastsekkar til det engasjerte elevrådet! 

Vi i VØR gledar oss over dette initiativet og dei handlekraftige elevane og ynskjer Bratteberg skule lykke til på Fredag!