Matavfallsdunkar på Vallabøen
Matavfallsdunkar plassert ut på Vallabøen

Mange brune dunkar å sjå

2. januar gjekk vi i gang med første runda med matavfall innsamling. Samtlige som hadde tømming av matavfall denne dagen, hadde rulla ut den brune dunken.  Restar frå julemiddagen og andre godsaker vi har ete i jula får no eit nytt liv som biogass eller biogjødsel hos Mjøsanlegget i Lillehammer.

På første innsamlingsdag av matavfall, så vart det målt over 12,5 tonn i innsamla matavfall frå dei brune dunkane som var trilla ut for tømming. Dette tilsvara ca 3,6 kilo per innbygger og er eit svært bra resultat målt med landsgjennomsnittet!

Øvst i Vallabøen var det satt ut matavfallsdunkar nærmast utanfor kvart eit hus, og det er tydeleg at folk har kome godt i gang med sorteringa.

Positive til matavfallsortering
Ein livlig gjeng i Olavsgata

Positive til den nye ordninga

I Olavsgata møtte vi på ein livlig gjeng som leika seg i snøven. Spesielt to par små auge følgde med når dei nye dunkane vart løfta opp og tømt av VØR sin renovasjonsbil.  Denne gjengen var særs positive til den nye ordninga med matavfall sortering.  Ein av dei hadde merka seg kor lite restavfall dei satt igjen med, når matavfallet vert sortert ut for seg sjølv.

 

Vi er særs glade for at folk har kome i gang med sorteringa.