Matavfall
Matavfall skal samlast opp i grøne matavfallposar som du kan bestille med VØR. Matavfallet vert henta kvar 14. dag og sendt vidare til Mjøsanlegget i Lillehammer for biogass produksjon.
Eksempel på kva du kan kaste i matavfallsdunken:
JA |
NEI |
Matrestar | Hundeposar (restavfall) |
Frukt og grønnsaker | Blomster og hageavfall |
Kaffegrut og filter | (Våt) servietter (restavfall) |
Teposar | Matemballasje |
Skalldyr og eggeskal | |
Småbein | |
Tørkepapir med matrestar | |
Bleier |
Plastemballasje
Plast er eit oljebasert materiale. Når du leverer rein og tørr plastemballasje til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer.
Plastemballasjen må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.
Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.
Plastemballasjen blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar. Bruk ikkje andre sekkar til plastemballasje enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn plastemballasje.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.
JA |
NEI |
Plastfolie | Hagemøbler (restavfall) |
Sjampoflasker | Leiker av plast (restavfall) |
Ostepakkar | Bøtter (restavfall) |
Rømmebeger | Hageslangar (restavfall) |
Bæreposar | Skiten plast (restavfall) |
Vaskemiddelflasker | Kulepennar (restavfall) |
Blomsterpotte i plast | Tome oljekanner (restavfall) |
Kaffiposar (utan aluminiumsbelegg) | Isopor (pris per kubikk) |
Suppeposar (utan aluminiumsbelegg) | Tome malingsspann (restavfall) |
Potetgullposar (utan aluminiumsbelegg) | Vedsekkar (restavfall) |
Plastposar | Strappeband (restavfall) |
Presenningar (restavfall) | |
Badebasseng (restavfall) | |
Pillebrett (restavfall) | |
Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall) |
Papp og papir
I papirdunken kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Slik blir avfallet ditt til nye papp- og papirprodukt. Pass på at papiret er reint og utan matrestar.
Drikkekartongar
- Skyl og tørk drikkekartongane
- Merk kartongane med namn og telefonnummer
- Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren
For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.
Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirdunken.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
JA |
NEI |
Aviser | Farleg avfall |
Pizzaøskjer | Elektrisk avfall |
Drikkekartongar | Trevirke |
Vekeblad | Serviettar (restavfall) |
Bølgepapp | Tørkepapir (restavfall/matavfall) |
Bøker m. mjuk perm | Matpapir (restavfall) |
Reklametrykksaker | Suppeposar (restavfall/plast) |
Pappøskjer | Gåvepapir (restavfall) |
Papirark | Julepapir (restavfall) |
Eggekartongar | Bøker hard perm (restavfall) |
Hageavfall |
Restavfall
Restavfall er det du sit att med etter at du har sortert. Døme på kva type restavfall du kan kaste i restavfallsdunken og levere på miljøstasjonen ser du under.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
JA |
NEI |
Hundeposar | Rein plastemballasje |
Bleier | Glas- og metallemballasje |
Skiten plast og papir | Tørt og reint papir/ papp |
Emballasje med aluminumsbelegg | Småelektrisk og farleg avfall (eks:batteri) |
Sofa | Mjuke leiker (tekstilar/kle) |
Fliser (deponi) | Hagemøblar i tre (trevirke) |
Keramikk (deponi) | Tome målingsspann av metall (metall) |
Porselen (deponi) | Bildekk utan felg (gummi) |
Eldfaste former (deponi) | Bøker mjuk perm (papir) |
Drikkeglas (deponi) | Sykkel (metall) |
Gips | Barnevogn (metall) |
Isolasjon | Bilsete (metall) |
Tapet | Parkett (trevirke) |
Tome målingsspann i plast | Tarkett (trevirke) |
Tørre målepenslar og filler | Badekar (metall) |
Julepapir | |
Gåvepapir | |
Asfaltplater | |
Bildekk med felg | |
Bøker med stiv perm | |
Barnesete | |
Hagemøblar i plast | |
Harde leiker | |
Eingongsgrillar | |
Golvbelegg (utan ftalat) | |
Laminat | |
Huntonittplater | |
Presenningar | |
Badebasseng | |
Vedsekkar | |
Strappeband | |
Isopor (pris pr kubikk) | |
Pillebrett | |
Skumgummi | |
Andre gummiprodukt |
Farleg avfall
Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen.
Sortere farleg avfall:
Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.
All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Flytande farleg avfall må emballerast godt. Du kan levere inn farleg avfall på to måter:
- På miljøstasjonen
- Hos forhandlar
Raud boks: Alle husstandar har fått ei raud boks til sortering av farleg avfall og småelektrisk. Denne kan du få tømt på miljøstasjonen. Det vil også vere innsamling av desse boksene rundt om i kommunane to gangar i året.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
Elektrisk og elektronisk avfall
Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. EE-avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen.
Hos forhandlar
EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.
Glas- og metallemballasje
Glas- og metallemballasje skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl glaset og metallemballasjen i kaldt vatn.
Merk at det berre er emballasje av glas og metall som skal i desse containerane. Sjå under kva type glas og metall som er emballasje og kva som ikkje skal i containerane. Glas- og metallemballasjen skal leggast laust ned i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.
Asbest
Vi tek i mot asbest frå private hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen (inntil 1000 kg pr år). Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast som du sjølv må skaffe deg (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Det som ikkje er forskriftsmessig pakka, vert avvist. Er du usikker, ta kontakt før levering.
Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall med plast over og under. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Vi hjelper med å lesse av asbesten frå hengaren på Miljøstasjonen.
Innanding av asbestfiber kan vere kreftframkallande, difor er krava strenge.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Hugs å pakke asbesten i 2 lag med plast, tjukkelse 0,2 mm bygningsplast.
Tekstilar og kle
Leverer du kle og tekstilar til UFF og Fretex, er du med på å redusere mengda restavfall samt bidra til målretta humanitært arbeid. Du kan også ta kontakt med NMS Gjenbruk i Ørsta og Volda og høyre om dei vil ta i mot kleda.
Kvaliteteten på det du leverer er ikkje avgjerande for nytteverdien.Det er viktig at tekstilane er reine og tørre. Det som ikkje går til ombruk, blir sendt til materialgjenvinning. Slitte tekstilar/kle kan bli til filleryer og tørkefiller.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
Hageavfall
Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tøme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn dunkar for sekkane ved hageavfallet.
Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan låne hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.
- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall til deponi
- "Svartelista artar" som:
- Rynkerose
- Spansk kjørvel
- Slireknearter
- Kjempespringfrø
- Hagelupin
- Tromsøpalme
- Kjempebjørnekjeks
- Japanpestrot
skal leverast som avfall til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
Metall
Du kan levere alt av metall (feks aluminium, kopar, jarn) til miljøstasjonen. Dette er kostnadsfritt. Vi har ein eigen container i hallen til metall. Har du lange metalldelar eller veldig tunge gjenstandar, ta kontakt i vektbuda for tilvist plass til dette.
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall