Eit standard renovasjonsgebyr inneheld:

  • 1 x 140 liter avfallsdunkar for restavfall. Tømming kvar 4. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsdunkar for matavfall. Tømming kvar 2. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsdunkar  for papir/papp/kartong + plastemballasje (i eigen sekk). Tømming kvar 4. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsdunkar for glas- og metallemballasje. Tømming kvar 13. veke.
  • 1 raud boks for farleg avfall/småelektrisk avfall (kan tømast på Miljøstasjonen)

Skulle det vere behov for større dunkar eller samarbeidsavtale for eit sameige, kan du lese meir om dette i gebyrlista.

Plussabonnement

Alle våre abonnentar kan bestille ein storleik større avfallsdunkar for papir og papp enn restavfallsdunkar. Dette kallast eit plussabonnement og gir ingen ekstra kostnadar. 

Tips før henting

  • Dunken må vere framsett seinast kl 06.00 på tømedag. Det kan vere lurt å sette fram dunkane kvelden før, så er du sikker på at den står framme tidsnok.
  • Last ned appen Min Renovasjon så får du varsel for tømming dagen før.
  • Restavfallet skal vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsdunken.
  • Brettar du pappen får du betre plass.
  • Plastsekken skal hengast på krok som er montert på papirdunken på hentedag. Det går fint å henge på fleire sekkar på kroken på hentedag.
  • Avfallsdunkane skal stå 1 - 3 meter frå vegkanten, ha fri tilgang og med ein avstand på 20 cm mellom dunkane.
  • Ingen overfylte dunkar - loket skal vere på ved tømming!
  • For ny rull med plastsekkar til plastemballasje: Knyt på vanleg handlenett eller plastsekk på handtak til papirdunken eller restavfallsdunken på hentedag.
  • For ny rull med grøne posar til matavfallet: Knyt på vanleg handlenett eller grøn pose på handtak til matavfallsdunken på hentedag.