Eg/vi klarer ikkje å fylle matavfallsdunken før kvar henting?

Om dunken er full eller halvfull spelar inga rolle. Det viktigaste er at du sorterar ut matavfallet frå restavfallet. Slik fjernar du kjelda til lukt og mesteparten av innhaldet i restavfallet. Dette er også viktig då restavfallet vil verte tømt kvar fjerde veke etter nyttår.

Visste du at matavfall står for over halvparten av innhaldet i norsk restavfall? Sorterer du ut matavfallet, så frigjer du altså over halvparten av plassen i restavfallsdunken. Matavfallsdunken vil verte tømd kvar 14.dag. Hugs å sette ut den brune dunken kvelden før eller seinast kl 06.00 same dag som dunken vert tømt. Tømmedag for din bustad finn du ved å laste ned appen Min Renovasjon på telefonen din, søke i tømmekalenderen på nettsida vår eller ved å ta ein titt på den nye renovasjonskalenderen for 2019 som abonnentane våre fekk i posten før jul.

Hundeposer
Hundeposer skal i restavfall

Kva type posar kan eg bruke til bleier ?

Bleier kan du kaste i matavfallet (i tillegg til restavfallet) og då ser vi helst at du bruker dei grøne matavfallsposane til å ha desse i når du kastar dei i den brune dunken. Grunnen til at vi ikkje ynskjer andre typer posar, slik som nedbrytbare hundeposar i matavfallsdunken, er at desse ofte ikkje er 100% nedbrytbare til tross for at dei vert reklamert som dette. Bioposar er heller ikkje ønska i anlegget då desse skapar utfordringar for maskineriet. Det elastiske materialet omdannar seg til tyggegummi konsistens når desse posane går inn i anlegget og vert varma opp, og fører til problem i kverner og røyr. Dette krev mykje manuelt arbeid for å fjerne. 

Vi ynskjer å unngå mest mogleg framand element i matavfallsdunken og vi oppmodar derfor abonnentane om å bruke dei grøne matavfallsposane til å samle matavfall og bleier i. Om du går tom for matavfallsposar, kan du til nød bruke vanlege restavfallsposar, då desse også vert sortert ut i biogassanlegget. 

Dei grøne matavfallsposane kan du bestille kostnadsfritt på nettsida vår under "din renovasjon", eller ved å sende ein mail med adressa di til firmapost@vor.no eller ringe oss på 70 04 86 00.

Blomster
Blomster skal i restavfallet

Kan eg kaste våtserviettar/eingongsklutar og blomster i matavfallet?

Når det gjeld våtserviettar, så løyser desse seg opp seinare enn vanleg tørkepapir. Nokre typar løyser seg ikkje opp i det heile tatt. I tillegg inneheld fleire av desse parfymer og diverse kjemikaliar som er uønskt vidare i komposteringsprosessen, der sluttresultatet vert biogass og biogjødsel.

Eingongsklutar er som oftast laga med ein kombinasjon av ein rekke tekstil materialer slik som for eksempel polyester, viskose og bomull. Tekstil materiale tek lengre tid å bryte ned og noko bryt ikkje ned i det heile tatt. Derfor skal desse klutane sorterast som restavfall. 

Diverse blomster og planter inneheld også giftstoff som ikkje er ønskelig i komposteringsanlegget vi sender matavfallet vårt til.

Derfor skal ein kaste blomster, våtserviettar og eingongsklutar i restavfallet.