På hentedag

Etter at du har sortert og plassert avfallet i ditt i avfallsdunkane, blir innhaldet henta av sjåførane våre som lesser av dei ulike avfallstypane på ulike stadar på miljøstasjonen, slik at desse ikkje vert blanda. Matavfallet vårt vert køyrt til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). Plastsekkane som de legg i papirdunken vert sortert ut manuelt frå papiret og pappen når det kjem til miljøstasjonen. Kvar avfallet vert sendt vidare er pålagd offentlege anbodsprosessar, og kriterier for best ressursutnytting og kostnadseffektivitet avgjer destinasjonen.

 

Bananskal
Bananskalet ditt endar opp på Mjøsanlegget og blir til biogass

Restavfall og matavfall

Det innsamla restavfallet i Ørsta og Volda vert sendt til energigjenvinning i Trondheim, den byen som har det mest utbygde fjernvarme nettverket i Noreg. Restavfallet er avfall som ikkje let seg resirkulere, men det kan framleis gjere nytte for seg ved å gi varme og strøm til bustadar!

Matavfallet som vert samla inn av VØR og SSR blir levert til det nærmaste biogassanlegget på Lillehammer, kalla Mjøsanlegget.  Klimagevinsten gjennom attvinning av matavfallet er at vi får ført viktige og avgrensa næringsstoff tilbake til jorda gjennom biogjødsel og samtidig i auka grad erstattar fossilt drivstoff med fornybar biogass. 

Avispapir
Avispapiret ditt blir til nytt papir

Papir, papp og plastemballasje

Papiret og pappen vert sendt til Norsk Gjenvinning, før det vert sendt vidare til papirfabrikkar. Resirkulert papir og papp gir eit vesentleg mindre klimaavtrykk samanlikna med å bruke jomfruelige råvarer i produksjon av nytt papir. Papirfiber kan gjenvinnast opptil sju gongar. Fabrikkar ligg i Skandinavia og Nord-Europa. Pris avgjer kvar det endar.

Plastemballasjen samla inn i Noreg har dels blitt sendt til materialgjenvinningsanlegg i Tyskland og Nederland der det vert til nye produkt. Grunnen til dette er at Noreg tidlegare ikkje har hatt eigne anlegg eller volum nok til at det har lønna seg å behandle plasten i Noreg. Plastemballasjen samla inn av VØR blir tatt imot av Grønt Punkt Norge og sendt til anlegg i Sverige og i Nord-Europa. 

Glas-og metallemballasje
Visste du at ein gjenvunnen makrell i tomat-boks sparar like mykje energi det tek å ha tv-en på i 3 timar?

Glas- og metallemballasje

Emballasje av glas/metall vert levert til Sirkel AS i Fredrikstad for finsortering. Vidare blir emballasjen av metall materialgjenvunne til nye produkt, slik som syklar, verktøy og hageredskap. Det finaste metallet kan bli til ny emballasje til mat og drikke.

Glasemballasje blir sortert etter farge og blir til nytt glas, isolasjon og glasbetong. Glasemballasje kan resirkulerast i det uendelige. 

Metallemballasje er noko av det lettaste å gjenvinne og er særs energisparande samanlikna med å utvinne nytt metall. Når vi sorterer og resirkulerer metallemballasje bruker vi berre 5% av energien det ville tatt å hente ut råstoff og lage nytt metall. Faktisk er 75% av all aluminium som nokon gong har blitt produsert framleis i bruk og har blitt resirkulert utallige gongar utan tap av kvalitet!

 

Jordklode
Vi har berre ei klode!

Kjeldesortering nyttar!

Gjennom forbrenning får vi kun nytta naturressursane våra ein gong. Gjennom kjeldesortering og materialgjenvinning får vi nytta ressursane våre mange gongar, samtidig som vi sparar energi og klimaet!

Takk for at du gjer ditt!