Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) vart etablert som eit interkommunalt selskap etter valet i 1983. Første konstituerande årsmøte var 15. mai 1984. Løyve i Hovdebygda fekk selskapet i oktober 1988 og frå 01.01.1989 tok dei over mannskap frå Volda og Ørsta kommunar som tidlegare arbeidde med renovasjon. 

Den første tida vart avfall transportert til Ålesund for forbrenning. Allereie eitt år seinare såg miljøstasjonen på Hovdebygda dagens lys. I takt med ein stadig vekst i avfallsmengda blant hushaldningar og bedrifter, har anlegget gått gjennom ei rekke utbyggingar og moderniseringsprossessar.

På offensiven

I 1994 startar VØR med utsortering av papir og glas i eigne fraksjonar. I 1995 kjøper VØR meir tomteareal, bygger nye garderobar og utvidar kontorkapasiteten. I 1998 opnar ny sorterings- og gjenbrukshall, der privatkundane sjølve sorterer avfallet. I 1999 innfører VØR henteordning for plastemballasje. I 2000 blir dei svarte avfallssekkane bytta ut med grøne 140 L behaldarar, og differensierte avgifter etter hentefrekvens og mengd vert innført. I 2002 kjem den første sidelastarbilen i drift. Same år blir blåsekken bytta ut med grønn 140 L behaldar med blått lok. I 2004 blir det bygd det ny lagerhall og ny sorteringshall. Mottaksordninga for hageavfall blir også betra. I 2005 er mindre enn 2 % av avfallet sendt til deponi og VØR startar med papirsortering i eigen regi, heilt til miljøstasjonen i 2008 brenn ned til grunnen.

Opp frå osken

For avfallshandtering i regionen, blir brannen eit skot for baugen. Heldigvis startar arbeidet for å få på plass ny miljøstasjon raskt og to år seinare opnar ein forbetra miljøstasjon portane. I 2004, som svar på ei lovendring om klarere skilje mellom konkurranseutsette avfallsfraksjonar og monopoldrift, opprettar VØR Retura Søre Sunnmøre (RSS). Det heileigde selskapet får ansvar for å ta seg av avfall frå næringslivet i kommunane. I 2010 kjøper RSS opp kontainerselskapet Kran og Miljøservice AS, for å tilby totaltenester innan kran- og kontainerutleige, avfallshandsaming, ulike henteordningar og makulering av papir. Samla omset VØR og RSS no for 20 millionar kroner.

Ei ambisiøs framtid

I 2015 sette VØR nye mål for framtida. Innan 2020 skulle heile 60% av det samla avfallet i Volda og Ørsta gjennvinnast. Dei nasjonale måla sa 50% innan 2020. Dette målet har i seinare år auka. Innan 2030 og 2035 er det bestemt at 60% og 65% av alt avfallet vi samlar inn frå hushald skal materialgjenvinnast. Dette har ført til at fleire avfallstypar må sorterast heime. Det vart difor innført henteordning for emballasje av glas/metall hos privatkundar i 2016, samtidig som det vart innført henting av restavfall kvar 14. dag for alle abonnentane. I tillegg vart raud boks for farleg- og småelektrisk avfall innført i åra 2017/2018. Henteordning for matavfall vart iverksatt i 2019, med henting av restavfall kvar fjerde veke. Alle desse tiltaka i tillegg til god sorteringsinnsats frå innbyggjarane våre, resulterte i at VØR var like ved å oppnå 60% materialgjenvinning i 2020! 

Vidare kjem til det til å bli auka fokus på kvalitet og hente ut meir ressursar frå avfallet vårt. Skal vi nå framtid som er berekraftig for vidare generasjonar er vi heilt avhengig av at forbruket vårt blir redusert og at vi kjeldesorterer meir av avfallet vårt, slik at det kan erstatte jomfruelige råvarar. Her er vi på god veg!