VØR er no i planleggingsfasen av ei ny reform i 2012. Alle husstandar skal få utlevert returplastsekkar for innsamling av emballasjeplast. Denne ordninga har fram til no vore frivillig, men frå hausten av vert den obligatorisk. Dette gir oss store utfordringar med omsyn til innsamlinga. For arbeidsmiljøet for våre sjåførar og økonomiske grunnar for abbonentane vil vi fortsatt bruke bilar med mekanisk arm. Difor må plastsekkane oppi papirdunken. Dei som har for lite plass i papirdunken får høve til å bytte til større dunk.
Vi ser alt no at mange har plass til plastsekken i eksisterande papirdunk. Gjer vel å ha den oppi, i staden for å setje den ved sidan av dunken. Vi opplever i dag at sjåførane må ut av bilen over 100 gonger på ein dag for å plukke returplastsekkar. Når alle leverar kan dette talet verte over 700 gonger per dag. Det går ikkje, då må vi inn på andre innsamlingsmetoder som er økonomisk meir kostbare enn dagens innsamlingsmetode. Gjer difor vel å ha returplastsekken oppi dunken.
[9. februar 2012]
Redusert forbruk av papir er godt for miljøet
Vi ser alt no at innføringa av returplastsekkar til alle vil koste ein god del. Pengar som vi seinare må ha inn via renovasjonsgebyret.
Tenk nøye igjennom, treng du verkeleg ein større papirdunk? Viss du verkelig vil vere miljøvenleg skal du hindre at avfall oppstår. Papirforbruk kan lett reduserast ved å bruke nettaviser og dersom du må ha orginalversjonen av dagsavisene, bruk lesebrett og abboner på avisa i pdf-format. Dersom du i tillegg reserverer deg mot uadressert reklame og nyttar e-faktura der du kan, bør det bli plass til returplastsekken i eksisterande dunk. Prøv alt no om dette fungerar, slik at når spørsmålet frå VØR kjem om du treng større dunk så har du svaret klart. Då unngår vi å bytte dunk for så å bytte tilbake få månader etterpå fordi du ikkje trengde så stor behaldar likevel.
På førehand takk! :)
[9. februar 2012]
Nye renovasjonsbilar på VØR
To av våre gamle slitarar har vorte bytta ut etter åtte og ni års teneste. Dei nye bilane er av merke Scania er allereie sett i drift. På biletet ser vi dei to nye bilane ilag med seljaren Kåre Welle i frå Scania Norge AS og Petter Bjørdal i frå VØR.
[22. desember 2011]
Papirkalender 2012
Minner om at det som i fjor ikkje blir sendt ut eigen papirkalender for 2012. Alle husstandar i Ørsta kommune og Volda kommune får utdelt ein Aktivitetsplanleggar der papirkalenderen er med som ein eigen del på siste side.
Dersom du har reservert deg mot reklame og difor ikkje mottek Aktivitetsplanleggaren, kan du hente ein på rådhuset eller laste den ned her.
[6. desember 2011]
Drikkekartongar
Drikkekartongar kan no samlast i kubbar på 7 stk og leggast rett i papirdunken utan at dei må samlast i eigne posar. Ordninga med eigne posar til drikkekartongar går ut då Grønt Punkt Norge AS ikkje lenger finansierer bruk av slike posar. I tillegg ønskjer ikkje sorteringsanlegget i Stryn at det lenger vert nytta slike posar. Dei som ønskjer å vere med vidare i returkartong lotteriet kan merke kubbane som før.
VØR håper at alle abbonentar vil fortsette den gode innsatsen med utsortering av drikkekartongar.